Klagerett

Person som skriv brev. Verjemålslova gir utvida klagerett ved oppretting av verjemål. Utvida klagerett vil seie at det er fleire som har rett til å klage.
Person som skriv brev. Verjemålslova gir utvida klagerett ved oppretting av verjemål. Utvida klagerett vil seie at det er fleire som har rett til å klage. (Foto: Pixabay)

Du kan klage på eit vedtak om oppretting av verjemål. Dersom du har fått, men ikkje ønskjer verje, kan du gi beskjed om dette til Fylksmannen der du bur.

Verjemålslova gir utvida klagerett ved oppretting av verjemål. Utvida klagerett vil seie at det er fleire som har rett til å klage: 

  • den som er sett under verjemål
  • verja
  • den som har sett fram kravet om verjemål
  • personens ektefelle/sambuar, næraste livsarving og søsken

For andre vedtak enn oppretting av verjemål er det vanlig klagerett etter reglane i forvaltningslova. Klage på val av verje vert til dømes regulert av de vanlige reglane i forvaltningslova og ikkje etter dei spesielle reglane i verjemålslova.

Klagefristen er tre veker frå du fekk vedtaket. Du skal sende klagen til Fylkesmannen. Fylkesmannen kan gjere om vedtaket, eller sende klagen vidare til Statens sivilrettsforvaltning, som fører tilsyn med Fylkesmannen og som er klageinstans for vedtak gjort av Fylkesmannen.  

Vis meir


Kontaktinformasjon

Finn du ikkje informasjonen du treng på nettsida? Sjå først på sida ofte stilte spørsmål.

 

Sikker melding:

Dette er ein trygg kommunikasjonskanal der du kan sende sensitiv informasjon via Altinn: Sikker melding (verjemål).

 

E-post:

For generelle førespurnadar kan du bruke e-postadressa vår. Vi anbefalar at du ikkje sender sensitiv informasjon via e-post.

fmvlpost@fylkesmannen.no

 

Postadresse verjemålsseksjonen:

Postboks 7310, 5020 Bergen

 

Telefon:

Direkte til verjemålsseksjonen:

55 57 23 00

 

Telefontid er måndag til onsdag 1200-1400.

 

Kontaktpersonar:

Anne K. Hjermann, avdelingsdirektør
Liv Sørevik, seksjonsleiar


Ane Hatletveit
Anne Mari Aase
Anne Siri Nytveit
Elin Halrynjo
Gunn Anita Krydsby
Henriette Klingenberg
Idunn Brandshaug Horvei
Jeaneth Bjørndal
Karine Menes Helset
Karsten Grimstad
Kjersti Pedersen
Kjersti Solheim Eide
Kristine Tveitane Hansen
Kristoffer Mellingen
Laila Bugge Dahle
Linda Antonesen
Marianne Ingebrigtsen
Monica Nes
Nina Golten Andersen
Pia Henriette Davanger Angel

Rikard Fadnes
Rune Rivedal
Serine Margareth Ammerud Lautizen
Silje Kristin Hagerup Mølmesdal
Siri Monclair
Stian Stensrud
Tom Debu Nesvåg
Tone Nærum
Trond Morten Krey