Innlevering av verjerekneskap 2018

Alle verjer med rekneskapsplikt skal levere verjerekneskap for 2018. Rekneskapen skal leverast samla, og frist for innsending er 30. april 2019.

Informasjonsbrev om innsending av verjerekneskap 2018 vert sendt til alle verjer som står registrert med laupande verjemål med rekneskapsplikt per 31.12.2018.

Fylkesmannen føretrekkjer digital innsending, og oppfordrar alle verjer til å sende inn verjerekneskapen via Altinn.

I Altinn fyller du ut skjema for Fullstendigheitserklæring 2018 og legg ved skattemeldinga, årsoppgåver, kontoutskrifter, og eventuell annan rekneskapsdokumentasjon som vedlegg. For direkte lenke til skjema og instruksjon for utfylling og innsending, sjå www.vergemal.no/vergeregnskap. Du kan også gå inn direkte via www.altinn.no og velje tema «Vergemål» under «Skjema og tjenester».

Til høgre finn du informasjonsbrev til verjer med rekneskapsplikt. Du finn og skjema «Fullstendighetiserklæring» og «Forside for skanning» som berre skal nyttast dersom du sender oss verjerekneskapen per post. Alle dokumenta ligg føre på nynorsk og bokmål.

Ta gjerne kontakt med kontoret vårt dersom du har spørsmål knytt til innsending av verjerekneskap 2018. Sjå gjerne ofte stilte spørsmål og svar til innsending av verjerekneskap.

Det er mykje pågang på telefonlinjene våre, og dersom du ikkje kjem gjennom, kan du sende førespurnad via skjemaet «Melding til verjemålsavdelinga». Dette er ein trygg kommunikasjonskanal der der du kan sende inn spørsmål, søknader, og anna.

Telefon:

Direkte til verjemålsseksjonen: 55 57 23 00. 

Telefontid fredag er 1200-1400, andre dagar 1200-1430.