Informasjon om alternativ til verjemål

Løvetannfrø. Om det vert oppretta verjemål, skal innhaldet i verjemålet tilpassast den enkelte sitt behov, og ikkje vere meir omfattande enn nødvendig.
Løvetannfrø. Om det vert oppretta verjemål, skal innhaldet i verjemålet tilpassast den enkelte sitt behov, og ikkje vere meir omfattande enn nødvendig. (Foto: Pixabay)

Verjemål skal berre opprettast dersom det er behov for det, og om det finst mindre inngripande hjelpetiltak enn verjemål, skal dette veljast. Det finst ei rekkje tiltak utanom verjemålsordninga. 

Om det vert oppretta verjemål, skal innhaldet i verjemålet tilpassast den enkelte sitt behov, og ikkje vere meir omfattande enn nødvendig. Det finst ei rekkje tiltak utanom verjemålsordninga. Dette er ei ikkje-uttømmande liste over nokon av dei:

Legalfullmakt (nærståande sin representasjonsrett)

Ein rett som følgjer direkte av lova, som gir nærståande i nærare bestemt rekkefølgje rett til å ta hand om visse økonomiske og daglegdagse interesser for eit familiemedlem som ikkje kan ta hand om desse interessene sjølv lenger på grunn av sinnsliding, demens eller alvorleg svekka helse.

Med nærståande meinast i kronologisk rekkefølgje (rang) ektefelle, sambuar, barn, barnebarn og foreldre. Nærståande med høgare rang har representasjonsrett før nærståande med lågare rang, og om det er ønskje om at nokon med lågare rang skal nytte legalfullmakta må alle nærståande med høgare rang skriftleg sei i frå seg legalfullmakta. Dersom ein person verken har ektefelle, sambuar, barn, barnebarn eller foreldre, er det ingen som har legalfullmakt etter lova.

For å ta i bruk legalfullmakt, må nærståande med høgast rang (den med legalfullmakt) kontakte behandlande lege for å få utskrive ein legeerklæring. Deretter tek ein legeerklæringa med til banken. Den nærståande og banken må deretter avtale nærare korleis legalfullmakta skal praktiserast.

I praksis gir legalfullmakta nærståande høve til å betale rekningar og andre løpande utgifter, samt allereie gyldig inngåtte låneavtalar for familiemedlemmen som ikkje lenger kan gjere dette sjølv på grunn av sinnsliding, demens eller alvorleg svekka helse. Representasjonsrett gir likevel ikkje automatisk disposisjonsrett til konto eller nettbanktilgang, og erfaringa viser at bankane praktiserer legalfullmakta strengt.

Ettersom legalfullmakt følgjer direkte av lova, må du ikkje kontakte Fylkesmannen for å få legalfullmakt.

Fullmakt

Kan opprettast av personar over 18 år som er i stand til å forstå kva saka gjeld, og vil gjelde så lenge fullmaktsgivar er i stand til å forstå innhaldet i fullmakta. Til dømes kan ein vaksen person med evne til å forstå kva fullmakta betyr, gi nokon fullmakt til å disponere kontoen deira.  Dersom fullmaktsgivar ikkje lenger er i stand til å forstå innhaldet i fullmakta, vil fullmakta ikkje lenger vere bindande, med mindre ho oppfyller formkrava til ei framtidsfullmakt.

Forvaltning av kontantytinga frå folketrygda

Institusjonen kan fatte vedtak for personar som har fast opphald i t.d. alders- og sjukeheim.

Faste betalingsoppdrag

Oppretta etter avtale med bank medan vedkomande kunne ta hand om eigne interesser, vil framleis gjelde etter at han eller ho på grunn av sinnsliding, demens eller alvorleg svekka helse ikkje lenger er i stand til å ta hand om interessene sine.

Framtidsfullmakt

Eit privatrettsleg alternativ til verjemål.

Framtidsfullmakt kan vere aktuelt for personar over 18 år som har evna til å forstå korleis dei ønskjer at interessene deira skal ivaretakast og av kven.

Ei framtidsfullmakt kan omfatte ivaretaking av personlege eller økonomiske interesser, og kan t.d. omfatte retten til å disponere konto og eigedelar, betale vanlege utgifter og gjeld, selje eigedom, gi bort gåver og forskot på arv, representasjon ovanfor det offentlege eller private. Det er den som skriv fullmakta som bestemmer kva interesser som skal ivaretakast og korleis, og dette må gå fram av fullmakta.

Det er den som skriv framtidsfullmakta som avgjer kven som skal vere fullmektig, og fullmektigen må vere eigna. Ein kan utpeike fleire fullmektigar til å gjere same oppgåver eller til ulike oppgåver. Det er også råd å utpeike fullmektigar i suksessiv rekkefølgje, t.d. ved at ektefelle vert utpeikt til fullmektig, men at barn overtek som fullmektig dersom ektefellen fell i frå, eller sjølv blir ute av stand til å ta hand om oppgåva.

Det er visse formelle krav til framtidsfullmakt som går nærare fram av verjemålslova. Du bør lese vilkåra nøye, og eventuelt kontakte advokat eller andre med kompetanse på området for å hjelpe deg.

Du skal ikkje sende framtidsfullmakta til Fylkesmannen før ho trer i kraft, dvs. etter at den som skreiv fullmakta på grunn av sinnsliding, demens eller alvorleg svekka helse ikkje lenger er i stand til å ta hand om dei interessene som går fram av framtidsfullmakta.

Etter at framtidsfullmakta er i kraft, kan fullmektigen(ane) be Fylkesmannen om å stadfeste at fullmakta har tredd i kraft. Fullmakta er likevel gyldig uavhengig av stadfesting.

Gjeldsrådgjeving

Kommunen skal gi gjeldsrådgjeving til personar med alvorlege gjeldsproblem. Kommunen kan t.d. hjelpe innbyggjarane med å kartlegge gjeld, forhandle med kreditor og eventuelt hjelpe til i samband med gjeldsordning. Kontakt den hjelpetrengande sin kommune, oftast ved det lokale NAV-kontoret, for rettleiing.

Gjeldsordning

Ei ordning for personar som er alvorleg gjeldstynga. Søknad om gjeldsordning må sendast namsmannen. Kontakt namsmannen for rettleiing.

Frivillig forvaltning

Ei frivillig ordning der NAV etter avtale med den hjelpetrengande kan disponere inntekta hans eller hennar. Ordninga er meint å vere kortvarig. Kontakt den hjelpetrengande sitt lokale NAV-kontor for rettleiing.  

Tvungen forvaltning

Eit system der NAV utan samtykke frå den hjelpetrengande, og på visse vilkår, kan forvalte trygdeytinga. Kontakt NAV for rettleiing.

Sjå vergemålsportalen for meir informasjon.


Kontaktinformasjon

Finn du ikkje informasjonen du treng på nettsida? Sjå først på sida ofte stilte spørsmål.

 

Sikker melding:

Dette er ein trygg kommunikasjonskanal der du kan sende sensitiv informasjon via Altinn: Sikker melding (verjemål).

 

E-post:

For generelle førespurnadar kan du bruke e-postadressa vår. Vi anbefalar at du ikkje sender sensitiv informasjon via e-post.

fmvlpost@fylkesmannen.no

 

Postadresse verjemålsseksjonen:

Postboks 7310, 5020 Bergen

 

Telefon:

Direkte til verjemålsseksjonen:

55 57 23 00

 

Telefontid er måndag til onsdag 1200-1400.

 

Kontaktpersonar:

Anne K. Hjermann, avdelingsdirektør
Liv Sørevik, seksjonsleiar


Ane Hatletveit
Anne Mari Aase
Anne Siri Nytveit
Elin Halrynjo
Gunn Anita Krydsby
Henriette Klingenberg
Idunn Brandshaug Horvei
Jeaneth Bjørndal
Karine Menes Helset
Karsten Grimstad
Kjersti Pedersen
Kjersti Solheim Eide
Kristine Tveitane Hansen
Kristoffer Mellingen
Laila Bugge Dahle
Linda Antonesen
Marianne Ingebrigtsen
Monica Nes
Nina Golten Andersen
Pia Henriette Davanger Angel

Rikard Fadnes
Rune Rivedal
Serine Margareth Ammerud Lautizen
Silje Kristin Hagerup Mølmesdal
Siri Monclair
Stian Stensrud
Tom Debu Nesvåg
Tone Nærum
Trond Morten Krey