Tidsfristar

For å sikre ei effektiv og føreseieleg planhandsaming er det sett krav til tidsfristar i plan- og bygningslova, m.a. frist for handsaming av private reguleringsforslag.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 09.01.2022, Sist endra 10.01.2023

Frist for handsaming av private forslag om regulering

Kommunen skal snarast, og seinast innan tolv veker avgjere om eit privat reguleringsforslag skal fremjast og leggjast ut til offentleg ettersyn m.a., jf. pbl. § 12-11.

For å sikre at eit planforslag stettar krava til kvalitet, er det viktig at kommunen er aktiv med råd og rettleiing før forslaget vert sendt frå forslagsstillar til kommunen. Dette kan t.d. skje gjennom førehandskonferanse med forslagsstillar i samsvar med reglane i pbl. § 12-8, første ledd. Dersom planforslaget ikkje stettar  krava kan planforslaget returnerast til forslagsstillar for endring og supplering. Fristen på tolv veker vert rekna frå den dagen kommunen får det oppretta planforslaget. Planforslaget må oppfylle visse minstekrav til framstilling og innhald. Forslaget må også vere kunngjort. Forslagsstillar og kommunen kan avtale ein annan frist.

Frist for kommunestyret si handsaming av reguleringsforslag

Når planforslaget er handsama ferdig skal det leggjast fram for kommunestyret til vedtak. Kommunestyret må fatte vedtak i saka seinast tolv veker etter at planforslaget er ferdighandsama, jf. pbl. § 12-12, første ledd. 

Frist for motsegn mot planar

Styresmakter med motsegnskompetanse må fremje motsegn innan høyringsfristen, jf. pbl. § 5-4, fjerde ledd.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.