Mindre endring

For endring og oppheving av reguleringsplan gjeld dei same reglane som for utarbeiding av ny plan. Det er lagt opp til at mindre endringar kan handsamast på ein enklare måte.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 09.01.2022, Sist endra 10.01.2023

Med mindre endringar meiner ein endringer som ikkje har nevneverdig betydning for nokon berørte partar eller interesser. Vurderinga av kva som er «mindre vesentlig endring» har etter den praksis som er utvikla etter pbl. 85 ofte vore for vid. Føresetnaden er at «mindre endring» skal vurderast snevrere. For eksempel vil endring av arealformål ikkje vere ei «mindre» endring. Ei justering av grensene mellom to formål kan likevel i dei fleste tilfelle sjåast på som ei mindre vesentleg endring. Meir bagatellmessige endringar kan delegerast til administrasjonen.

I lovkommentaren til plan- og bygningslova står det vidare følgjande om mindre endringar: "Saken skal forelegges berørte myndigheter før det treffes slikt vedtak, og eierne og festerne av eiendommer som direkte berøres av vedtaket skal gis anledning til å uttale seg. Hensikten er at for å avklare om en endring kan regnes som «mindre», skal de myndigheter som er berørt og eiere og festere av eiendommer som direkte berøres av endringene, ha hatt anledning til å uttale seg. Dersom det foreligger innvendinger til endringene fra de berørte myndigheter eller private, vil ikke endringene kunne anses som «mindre». Da vil saken måtte behandles som vanlig reguleringsendring".

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.