Dispensasjonar

Reglane om dispensasjon går fram av kapittel 19 i plan- og bygningslova. Vilkåra for dispensasjon er klargjort og stramma noko inn samanlikna med tidlegare lov.

Etter § 7 i plan- og bygningslova av 1985 var vilkåret for å dispansere at det låg føre særlege grunnar for dispensasjon, og vurderinga av vilkåret var ein del av forvaltninga sitt skjønn. Vilkåra i den nye lova er derimot underlagt ei rettsleg vurdering.I praksis innber dette mellom anna at klageinstansen si handsamin ikkje er ei overprøving av det kommunale sjølvstyret, men ein rettsleg test på om vilkåra for å dispansere er innfridd. Det er gjeve klare rammer for kommunen si vurdering.  

Hovudpunkta går fram av pbl. § 19-2:

Vilkåra for å kunne dispensere

  • Det kan ikkje gjevast dispensasjon dersom omsyna bak føresegna det vert dispensert frå, eller omsyna i formålsparagrafen i lova vert vesentleg sett til side (skadelidande).
  • I tillegg må fordelane ved å dispensere vere klart større enn ulempene etter ei samla vurdering.  

I vurderinga av om det skal gjevast dispensasjon skal statlege og regionale rammer og mål tilleggjast vekt. Kommunen bør ikkje dispensere frå planar, lova sine føresegner om planar og forbodet i § 1-8 når statlege eller regionale styresmakter har uttalt seg negativt om dispensasjonssøknaden. 

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har laga eit skriv (vedlegg 1 i dispensasjonsbrevet til kommunane) om vilkår for dispensasjon og dispensasjonsvedtak, jf. plan- og bygningslova
§ 19-2.

Skriv frå Fylkesmannen til kommunane

I vår handsaming av ein del dispensasjonssøknader (såkalla tvilstilfelle) vil vi gje ei kort fråsegn med tilvising til skrivet "Fylkesmannen sine merknader til dispensasjonssøknader". Skrivet inneheld m.a. råd og merknader til ei rekkje tiltak som ofte går att i dispensasjonssøknader. Dei merknadene og tilrådingane i skrivet som er relevante i ei gitt dispensasjonssak skal leggjast til grunn for kommunen si handsaming av saka.