Marint vern kring Stad - rapportar

Gjennom arbeidet med marint vern kring Stad har Rådgivende Biologer gjort nye undersøkingar som har gjeve ny kunnskap. Rapportane frå undersøkingane ligg føre no.

Foto: Stortareskog ved 1-4 m djup kring Stad

Foto teke av NGU

Fylkesmannen engasjerte Rådgivende Biologer AS til å gjere undersøkingar av det marine livet i grunne område kring Stad. Rådgivende Biologer har også gått gjennom NGU sine videoopptak frå marine grunnundersøkingar. Med dette har vi fått mykje betre kunnskap om det marine livet kring Stad. Resultatet frå desse undersøkingane gjort i 2018 kan du lese i rapportane.

Undersøkingane viser m.a. at plante- og dyrelivet er prega av at dette er eit særleg vêrhardt område, og at det er store samanhengjande førekomstar av stortare.

Fotografiet er av stortareskog teke ved 1-4 meters djup ved Stad.