Marint vern i Dalsfjorden – rapportar

Gjennom arbeidet med marint vern i Dalsfjorden har Rådgivende Biologer gjort nye undersøkingar som har gjeve ny kunnskap. Rapportane frå undersøkingane ligg føre no.

Fotografi teke av Rådgivende Biologer AS av sylindersjørose ved Kvammen i Dalsfjorden

Sylindersjørose ved Kvammen i Dalsfjorden

Fylkesmannen engasjerte Rådgivende Biologer AS til å kartleggje det marine livet i Dalsfjorden både i djupare område og i grunne område. Resultatet frå desse undersøkingane i 2018 kan du lese i rapportane.

Undersøkingane viser mellom anna at plante- og dyrelivet er variert, og at det er prega av at Dalsfjorden har stor tilførsel av ferskvatn.