Kvifor dør insekta våre, og korleis kan vi hjelpe dei?

Bli med på insektkonferansen «Stikk» som går av stabelen på Naturhistorisk museum i Bergen fredag den 20. september.
Her får vi høyre meir om kva problem insekta står overfor og kva som må til for å betre situasjonen.
Nokre av føredragshaldarane er Dave Goulson (professor i biologi, University of Sussex), Dr. Natasha de Vere (National Botanic Garden of Wales), Anne Sverdrup-Thygeson (professor i bevaringsbiologi frå NMBU, Ås) og Frode Ødegaard (førsteamanuensis frå NTNU Vitenskapsmuséet).
Arrangementet finn stad i Universitetsaulaen.
Påmeldingsfrist 1. september.
Konferanseavgift kr. 1250,-
Laurdag 21. september er det «Insektenes dag» i Muséhagen og Naturhistorisk museum i Bergen. Dette er eit gratis publikumsarrangement for små og store.
Fylkesmannen i Vestland er medarrangør av konferansen.
Kontaktpersonar
-
Olav Overvoll
Tlf: 55 57 23 15