Kunngjering - Avslag på søknad om endra bruk av siltgardiner i Store Lungegårdsvann

Fylkesmannen avslo 2. juli 2020 Bybanen Utbygging sin søknad om redusere frå to siltgardiner til heller å bruke ei siltgardin i sjø og ei i beredskap på land med andre kompenserande tiltak. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 02.07.2020

Fylkesmannen finn ikkje at den sikringa som to siltgardin utgjer mot spreiing av forureinande sedimenter mot Puddefjorden kan erstattast med føreslåtte kompenserande tiltak.

Søknad om endring og Fylkesmannens vedtak ligg i margen. 

Rett til å klage

Partane som er involvert i saka og andre med særlege interesser kan klage på vedtaket innan tre veker. Klagen skal sendast til Fylkesmannen, som kan gjere om vedtaket eller sender klagen vidare til Miljødirektoratet. Merk klaga med referansenummeret som står i saksdokumenta.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.