Tilsyn avdekka manglar ved tanklagring

Åtte fylkesmannsembete og Miljødirektoratet utførte til saman 52 kontrollar i årets tanklagringsaksjon. Av desse vart 11 gjennomført i Hordaland og Sogn og Fjordane.

Nasjonal tilsynsaksjon

Årleg koordinerer Miljødirektoratet 4-5 nasjonale tilsynsaksjonar som fylkesmannsembeter deltek i. Då er tilsette ved fylkesmannsembeta ute i sine respektive fylker over heile landet i ein felles tidsbolk og kontrollerar verksemder. Miljødirektoratet har utarbreidd felles sjekkliste slik at dei same tema vert kontrollert og etterspurt uavhengig av kvar i landet verksemda ligg. I år er ein av desse ein tilsynsaksjon knytta til tanklagringsforskrifta.

Tanklagringsforskrifta

Kapittel 18 i forurensningsforskrifta omhandlar tanklagring av farlege kjemikaliar og farleg avfall, og vert i kortform kalla tanklagringsforskrifta.

Nokon hovudfunn

Miljødirektoratet har laga ei førebels oppsummering av funn i samband med den gjennomførte tanklagringsaksjonen som føregjekk i veke 11 - 18 i år:

  • Det vart avdekka brot på regelverket ved 86 prosent av tilsyna, og avdekka alvorlege brot ved 21 prosent av verksemdene
  • Det vart avdekka brot på regelverket, også alvorlege brot, på alle aksjonen sine hovudtema:
    • Miljørisikovurdering - brot på regelverk ved 73 prosent av kontrollane
    • Førebyggande tiltak/vedlikehald - brot på regelverket ved 71 prosent av kontrollane
    • Beredskap - brot på regelverk ved 55 prosent av kontrollane
  • 44 prosent av versemdene hadde brot innanfor samtlege hovudtema for aksjonen
  • Det vart avdekka brot knytta til oppsamlingsarrangement ved 18 av kontrollane (9 av desse alvorlege)
  • Det har i årets aksjon blitt varsla tvangsmulkt etter 19 av kontrollane, og Miljødirektoratet har varsla stans av ei verksemd med omfattande brot på regelverket.