Skal du fiske i sjøen? Les her først

Fiske i sjø er i Noreg ope og gratis for alle, men nokre reglar må ein setje seg inn i før fisketuren tek til. Frå 1. mars gjeld nedsenkingspåbod for garn, det er strengare reglar for fiske i fredingssonar, og alt fiske etter laks og sjøaure i Hardangerfjorden er forbode frå 1. mars til og med 30. april.

Reglar for garnfiske

Det er forbode å fiske etter laks eller sjøaure med garn. Ved fiske i sjøen er det ei plikt å setje garnet slik at det ikkje fangar laks eller sjøaure. Om ein skulle kome til å fange anadrom laksefisk i garn satt for å fange saltvassfisk, skal fisken sleppast ut att uansett om han er daud eller levande.

Hordaland

Frå 1. mars til og med 30. september er det berre tillate å nytte setjegarn til fiske etter saltsvassfisk. Alle garn som har maskevidde over 32 mm skal senkast, slik at heile fangstdelen til ei kvar tid står minst 3 meter under havoverflata.

I Hardangerfjorden innanfor Bleiknes ved Husnes og Ystadnes ved Ølve, og fjordane rundt Osterøy skal alle garn uansett maskevidde senkast i same periode, slik at fangstdelen står minst 3 meter under overflata.

Sogn og Fjordane

Frå 1. mars til og med 30. september skal alle garn uansett maskevidde senkast, slik at heile fangstdelen til ei kvar tid står minst 3 meter under havoverflata.

Fredingssoner og munningssoner

Det er ikkje lov å setje garn i 100-meterssona (munningssona) til vassdraget, og heile fangstdelen må til ei kvar til stå minst 100 meter frå grense elv/sjø. Innanfor fredingssonene skal alle garn, uansett maskevidde senkast ned. I Hordaland må garn senkast ned minst 5 meter under havoverflata og i Sogn og Fjordane må dei senkast ned minst 3 meter under havoverflata.

Ingen fastståande reiskap kan setjast nærare enn 100 meter frå grense elv/sjø.

Hordaland

I nokre fredingssoner er det heilt forbod mot garn- og/eller notfiske:

Vassdrag

Reglar for not- og garnfiske

Storelva i Arna, Eikangervassdraget, Loneelva, Ekso, Modalselva, Oselva, Granvinsvassdraget Forbod mot not- og garnfiske nærare grense elv/sjø enn 500 meter
Daleelva i Vaksdal Forbod mot not- og garnfiske i heile fredingssona
Vossovassdraget Forbod mot notfiske i heile fredingssona. Forbod mot alt garnfiske ut til hengjebrua ved Stamnes skule. I sona utanfor hengjebrua må alle garn uansett storleik senkast til 15 meter i perioden 1. mai til 31. august, og 5 meter resten av året

Sogn og Fjordane

I fredingssoner/utvida munningssoner er fiske med not berre tillate når reiskapen vert nytta i yrkesfiske av yrkesfiskarar som er oppført i fiskarmanntalet og frå fartøy som er registrert i merkeregisteret for norske fiskefartøy. Det skal ikkje fiskast med not nærare grensa mellom elv og sjø enn 500 meter.

Forbod mot fiske av laks og sjøaure i Hardangerfjorden

Fiske etter laks og sjøaure med stang og handsnøre frå båt og land er tillate heile året, unntatt i Hardangerfjorden frå 1. mars til og med 30. april. Forbodet er innført av omsyn til dei svake stammene av sjøaure i Hardanger. Forbodet gjeld i midtre og indre Hardangerfjord, frå ei linje ved Bleiknes ved Husnes over til Ystadnes ved Ølve i Kvinnherad kommune, og innover.

Hardangerfjorden

Hardangerfjorden (Foto: Gry Walle)

Fisketid i fredingssoner

Det er innført fisketid i fredingssonene for fiske etter laks og sjøaure med stang og handsnøre frå land og i båt. Fredingssona er berre ope for fiske etter laks og sjøaure i den tida vassdraget som renn ut i fredingssona er ope for fiske etter sjøaure. Det vil sei at om vassdraget er stengt for fiske etter sjøaure i forskrift, er tilhøyrande fredingssone òg stengt for fiske etter sjøaure og laks. Er det fleire vassdrag som renn ut i ei fredingssone, er det fisketida i vassdraget med strengast regulering av sjøaurefiske som òg gjeld i fredingssona. I Sogn og Fjordane er det ikkje tillate å dorge i fredingssoner/utvida munningssoner frå 1. mars til 30. september

Det er framleis lov å fiske etter saltvassfiskar heile året i fredingssoner, men hugs minstemål på fisken!