Informasjon til avfallsanlegg

For å unngå at avfall hoper seg opp som følge koronasituasjonen gir Miljødirektoratet avfallsanlegg mellombels løyve til å ta imot og lagre meir avfall. Dei har også bedd kommunane halde gjenvinningsstasjonane opne for å sikre eit minimumstilbod.

Mottak og mellomlagring av avfall

Miljødirektoratet innfører to mellombelse forskrifter som gir meir fleksible rammer for mottak og mellomlagring av ordinært og farleg avfall, dersom det er nødvendig som følgje av koronapandemien, og elles er forsvarleg.

Utvida lagringsmengde gjeld fram til 1. september 2020, og skal frå denne datoen vere tilbake til normalt nivå. Perioden kan bli forlenga dersom det er behov. Årleg mottaksgrense vil gjelde ut 2020.

Sjå forskriftene på Miljødirektoratet sin nettstad med korona-informasjon 

Kommunale gjenvinningsstasjonar

Kommunane har ansvaret for at innsamling av avfall frå private hushald fungerer. Miljødirektoratet ber kommunane sikre grunnleggjande tenester slik at innbyggjarane kan levere avfall på gjenvinningsstasjonar og andre mottak, men at dei må ta ekstra omsyn til smittefare.

Vidare oppmodar dei folk til å ikkje å belaste anlegga meir enn absolutt nødvendig og at ein tek omsyn til smitterisiko. Dette er viktig for å sikre god nok kapasitet til handtering av innlevert avfall på ein trygg måte.

Les Miljødirektoratet sine råd om kommunale gjenvinningsstasjonar