Endra løyve for deponiet i Svartasmoget

Fylkesmannen har endra Sunnhordland Interkommunale Miljøverk IKS (SIM) sitt løyve til deponering av avfall på Svartasmoget i Fitjar. Ny frist for å klage på vedtaket er 20. mars.

Fylkesmannen sitt vedtak og nye vilkår finn du på www.norskeutslipp.no og til høgre på sida.

Vedtaket kan klagast til Miljødirektoratet innan 20. mars 2019. Eventuell klage skal sendast til Fylkesmannen i Vestland, fmvlpost@fylkesmannen.no eller per post til Fylkesmannen i Vestland, Statens hus, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.