Kunngjering – løyve til landbasert akvakulturanlegg i Gulen

Sande Aqua AS har den 28. mai 2020 fått løyve etter forureiningslova til eit landbasert akvakulturanlegg på lokaliteten Rørvikneset, i industriområdet Skipavika næringspark i Gulen.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 05.06.2020

Brev med vurdering av saka og løyve ligg i margen. Løyvet etter forureiningslova er berre gyldig saman med eit løyve etter akvakulturlova, som vert avgjort av fylkeskommunen.

Rett til å klage 

Partane som er involverte i saka og andre med særlege interesser kan klage på vedtaket innan tre veker. Klagen skal sendast til Fylkesmannen, som kan gjere om vedtaket eller sende klagen vidare til Miljødirektoratet. Merk klagen med referansenummeret som står i saksdokumenta.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar