Kunngjering - Nytt løyve til forureining for settefiskanlegg i Gloppen kommune

Sande Settefisk AS har 08.10.2020 fått utvida biomassetaket sitt i løyvet etter forureiningslova for produksjon av settefisk på lokaliteten Sande.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 14.10.2020

Verksemda har fått nytt løyve til forureining for ein årleg produksjon på 1250 tonn settefisk av laks og regnbogeaure. Dette svarar til ei femdobling av årleg produksjon frå den tidlegare ramma. Verksemda skal etablere nye resirkuleringsanlegg og oppgradere eksisterande gjennomstrøymingsanlegg. Utsleppet frå produksjonen skal reinsast, men hovuddelen av oppløyste næringssalt vil sleppast ut i Gloppefjorden. Utsleppspunktet skal ikkje endrast. Fylkesmannen har handsama søknaden etter forureiningslova og vurdert han etter naturvern-, friluftsliv-, vilt-, lakse- og innlandsfiskeinteresser, og naturmangfaldlova. Løyvet er ikkje gyldig før Vestland fylkeskommune har gitt løyve etter Akvakulturlova.

Brev med vurdering av saka og løyve finn du til høgre på sida eller på www.norskeutslipp.no.

Rett til å klage

Partane som er involvert i saka og andre med særlege interesser kan klage på vedtaket innan tre veker. Klagen skal sendast til Fylkesmannen, som kan gjere om vedtaket eller sender klagen vidare til Miljødirektoratet. Merk klaga med referansenummeret som står i saksdokumenta.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.