Innføringskurs i forvaltningsrett for tilsette i kommunane

Juridisk fakultet, UiB. Foto: Ida Bergstrøm, UiB
Juridisk fakultet, UiB. Foto: Ida Bergstrøm, UiB

Universitetet i Bergen har i samarbeid med Fylkesmannen utvikla eit innføringskurs i forvaltningsrett for tilsette i kommunane. Påmeldingsfrist er 25. november. 

Etter oppstart våren 2019 har over 50 deltakarar gjennomført kurset, og tilbakemeldingane frå deltakarane er svært positive. Dei vurderer kurset som relevant, tilpassa og nyttig av tilsette i alle sektorar.  

Kurset er retta inn mot dei som i ein del av stillinga si er saksbehandlar/skriv vedtak innanfor t.d. pleie og omsorgstenesta, oppvekst og utdanningssektoren, teknisk etat eller andre delar av den kommunale forvaltninga – og har fagbakgrunnen sin frå desse felta. Fellesnemnaren vil vere at ein treng innsikt i og påfyll om regelverket som stiller krav til kommunal saksbehandling.

Pensumet og gjennomføringa av kurset blir lagt opp slik at det er tilpassa arbeidssituasjonen, og skal vere praktisk til nytte i deltakaren sin arbeidskvardag. Det blir for det meste nettbasert undervisning, men med to samlingar ved Universitetet i Bergen, kvar over to dagar. Kurset lett vekt på hovudreglar og trening i vedtaksskriving innanfor den enkelte sitt fagfelt. Kurset blir avslutta med heimeeksamen, og vil gi 10 studiepoeng.

Kommunen skal prioritere søkjarar til kurset, med frist 25.11.2020.

Elles viser vi til vedlegga på høgre side, der du finn brev som har gått ut til kommunane om kurset inkludert lenke til emneskildringa på UiB.