Kommunane må leggje til rette for besøk

Helsedirektoratet har revidert tilrådingane for besøk i helse- og omsorgsinstitusjonar og omsorgsbustader. 

Det er ulike reglar for besøk i omsorgsbustader og for besøk i helse- og omsorgsinstitusjonar. Rettleiaren frå Helsedirektoratet, kapittel 9 i «koronarettleiaren», er no revidert. Fylkesmannen oppmodar kommunane om å følgje dei oppdaterte tilrådingane.

Ved endringar i den lokale smittesituasjonen, kan meir restriktive tiltak vere nødvendige. Kartlegginga som vi gjorde i sommar, viste at fleire sjukeheimar hadde strengare ordningar enn den lokale smittesituasjonen tilsa.

Kommunen kan ikkje nekte besøk i omsorgsbustadar

Kommunen må sørgje for at den einskilde tenestemottakaren som bur i samlokaliserte omsorgsbustadar og liknande, får tilpassa informasjon om besøk og bistand til å gjennomføre smitteverntiltak under covid-19-epidemien. Det er i utgangspunktet berre tenestemottakaren sjølv som kan avgjere avgrensingar av besøk i private heimar, eventuelt i samråd med tenesta, pårørande og verge.

Råda som kommunen gjev tenestemottakar, må vere i tråd med smittverntilrådingar frå Folkehelseinstituttet og vere tilpassa den lokale smittesituasjonen. Smittevernråd for helse- og omsorgstenester i private bustadar og heim finst på nettsida til Folkehelseinstituttet.

Kommunane må leggje til rette for besøk i helse- og omsorgsinstitusjonar

Bebuarar i kommunale helse- og omsorgsinstitusjonar har rett til å få besøk. Under covid-19-epidemien må besøk gjennomførast i tråd med nasjonale smittevernråd og bør avtalast på førehand. Kommunen kan berre avgrense besøk viss det er strengt naudsynt. Avgrensingar grunna smitterisiko må grunngjevast i forsvarlegkravet.

Alle dei reviderte tilrådingane i rettleiaren kan du lese her.