Utsett frist for rapportering av kompetanse- og innovasjonstilskotet

Grunna koronasituasjonen blir rapporteringsfristen flytta ein månad.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 20.03.2020

Den nye fristen for rapportering av kompetanse- og innovasjonstilskot utbetalt i 2019 er sett til 1. mai 2020.

Dei som har behov for utsett søknadsfrist for kompetanse- og innovasjonstilskotet for 2020 må ta kontakt for nærare avtale om dette.  

Om rapporteringa for tilskot utbetalt i 2019

For samla tilskot frå kr 200 000,00 og over er det krav om revisorkontroll.

Rapporteringsskjemaet finn de ved å følgje denne lenka. 

Nye kommunar har ansvar for å oppfylle krava som er stilt i tilskotsbrevet og i regelverket for ordninga for dei kommunane som er slått saman. Det skal rapporterast særskilt for kvar av kommunane som er slått saman og som har motteke tilskot. Dersom nokon av kommunane som er slått saman mottok tilskot til prosjekt som vert vidareført til den nye kommunen til bruk i 2020, skal bruken av desse midlane rapporterast om innan utgangen av 2020. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.