Statlege rettleiande retningslinjer for økonomisk stønad

Arbeids- og sosialdepartementet har kome med nytt rundskriv om rettleiande sosialhjelpssatsar for 2020, gjeldande frå 1. september; Rundskriv A-1/2020.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 01.09.2020

Det som er nytt sett opp mot førre rundskriv, Rundskriv A-2/2019, er at den rettleiande satsen for barn mellom 0 og 5 år er oppjustert til kr 2 750 per månad. Dette er ein auke som svarar til auka i barnetrygda for barn opp til fylte 6 år gjeldande frå 1. september 2020. Departementet skriv i tillegg at ved utmåling av økonomisk stønad til einslege forsytarar med barn på 0 – 5 år bør det også takast omsyn til at dei mottek barnetrygd for eitt barn meir enn dei har forsytaransvar for.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.