Kan Nav kutte i sosialstønaden til familiar med mange barn?

Lova forbyr ikkje kommunane å redusere barnetillegget når det er mange barn i familien, men Nav har i slike tilfelle eit særleg ansvar for å sjå til at familien får tilstrekkeleg stønad til at kvart av barna får dekt sine behov på eit forsvarleg nivå.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 21.02.2020, Sist endra 03.02.2021

Vi ser at fleire kommunar i Vestland har reduserte stønadssatsar for store barnefamiliar, med til dømes reduserte satsar eller bortfall av barnetillegg for barn nummer fire og utover. Dette forholdet er ikkje omtalt i sosialtenestelova eller i Arbeids- og sosialdepartementet rundskriv om rettleiande retningsliner for økonomisk stønad etter sosialtenestelova.

Heller ikkje Arbeids- og velferdsdirektoratet har omtalt denne problemstillinga i sitt rundskriv til lova. Vi fann det difor føremålstenleg å spørje direktoratet om avklaringar når det gjeld reduserte stønadssatsar for store barnefamiliar.

Konkrete og individuelle vurderingar

I sitt svar har ikkje Arbeids- og velferdsdirektoratet merknader til at kommunar har reglar om å redusere barnetillegget når det er mange barn i familien, men direktoratet presiserer at Nav i slike tilfelle må gjere konkrete og individuelle vurderingar. Dei skriv mellom anna at:

«Det er ikke tilstrekkelig å vise til at det foreligger «stordriftsfordeler» i en individuell vurdering. NAV-kontoret må vurdere og begrunne hvordan en eventuell stordriftsfordel vil slå ut i det konkrete tilfellet. NAV-kontoret kan for eksempel ikke uten videre legge til grunn at klær og utstyr kan arves mellom søsken.» Direktoratet viser i denne sammenheng til at:

«Arv må være praktisk gjennomførbart, og det kan for eksempel tas hensyn til at eldre barn sliter mer på klær og utstyr enn yngre barn. Bakgrunnen for at NAV-kontoret har vurdert at familien har tilstrekkelig med midler til sitt livsopphold på søknadstidspunktet må være synlig i vurderingen.»

Meir i sosialstønad enn det ein kan forvente å få gjennom arbeid?

Ei av årsakene til at nokre kommunar har reglar om avkorting av sosialstønad når familien har mange barn, er at det har vore døme på at slike familiar har fått meir i sosialstønad enn det ein kan forvente å få gjennom arbeid. Om slike forhold skriv Arbeids- og sosialdepartementet i rundskriv A-2/2019:

«Dersom stønadsbeløpet til arbeidsfør mottaker er på nivå med, eller over, hva mottakeren kan forventes å få gjennom arbeid, må det foretas en særskilt vurdering av nivået og krav til aktivitet.»

Departementet skriv ikkje at kommunane skal unngå at familiar med mange barn får meir i sosialstønad enn dei kan forvente å få gjennom arbeid, men peikar på at Nav i slike tilfelle må vurdere stønadsnivået og krav til aktivitet særskilt, dersom foreldra er arbeidsføre.

Her kan du lese heile rundskriv A-2/2019. 

Klagebehandling og tilsyn

Fylkesmannen er klageinstans og tilsynsmyndigheit etter sosialtenestelova. Ved tilsyn og ved behandling av klager som gjeld sosialhjelp til barnefamiliar, vil vi ta utgangspunkt i dei svara vi har fått frå Arbeids- og velferdsdirektoratet. Klikk på lenkjene i høgremargen for å sjå vårt spørsmål og direktoratets svar.

Vi viser i denne samanheng også til det direktoratet skriv i rundskriv 35 til sosialtenestelova, der det mellom anna står at:

 «Barn og unge skal sikres en trygg oppvekst og kunne delta i alminnelige skole- og fritidsaktiviteter, uavhengig av om foreldrene har en vanskelig økonomi.»

Her kan du lese heile rundskriv 35. 

Les også vår artikkel om at Nav må vurdere barns beste. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.