Økonomisk rådgjeving

Kommunen skal ha tilbod om økonomisk rådgjeving eller gjeldsrådgjeving til innbyggarane sine. Rådgjevingstenesta er ofte lagt til det lokale Nav-kontoret, og tenesta blir gitt i råd med lov om sosiale tenester. Tenesta er gratis. Fylkesmannens oppgåver er retta mot kommunane og omfattar mellom anna å gje opplærings- og kurstilbod til tilsette i kommunane.


15.07.2019

Fylkesmannen er ikkje klageinstans for avtalar om frivillig offentleg forvaltning

Når kommunen eller Nav-kontoret inngår avtale om frivillig offentleg forvaltning skjer dette innanfor det privatrettslege området, ettersom dei ikkje har plikt til å tilby slike tenester.