Korleis identifisere mindreårige utsett for menneskehandel?

Å identifisere eit barn som mogleg offer for menneskehandel kan vere vanskeleg. Ein ny rettleiingsfunksjon kan hjelpe deg på veg.

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet har oppretta ein nasjonal rettleiingsfunksjon, som skal gi råd og rettleiing til tenester som kjem i kontakt med mindreårige offer for menneskehandel.

På nettsidene til Bufdir kan du lese meir om menneskehandel. 

Dersom du får informasjon om at barn og unge kan vere offer for menneskehandel kan du ta kontakt på vakttelefon 466 15 000, eller e-post menneskehandel@bufdir.no.

Her vil du få hjelp og rettleiing til korleis ein skal gå fram i slike saker.

Les meir i informasjonsskrivet frå Bufdir, som du finn under «Dokument».