Nye nasjonale faglege råd for multidose

Helsedirektoratet har kome med nye nasjonale faglege råd for multidose. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 30.09.2019

Multidose er eit viktig verkemiddel for å sikre at kronisk sjuke pasientar som blir behandla med fleire legemiddel samtidig, får desse til rett tid. Multidose er maskinpakka legemiddel der alle tablettane som skal bli gitt til same tidspunkt, blir samla i ein pose. Dette blir merka med pasienten sitt namn, namn på legemidla, dose og tidspunkt for når ein skal ta tablettane.

Her finn dei nye faglege råda for multidose. 

I dei nye nasjonale faglege råda for multidose kjem det mellom anna fram at kommunen bør ha skriftlege rutinar for korleis ein følgjer opp multidosepasientar, og at kommunen bør tilby nødvendig opplæring til personell som handterer multidose.

Enkelte legemiddel kan av ulike årsaker ikkje bli pakka i multidose, og må bli administrert til pasient utanom multidose. Dette gjeld legemiddel til bruk «ved behov», som til dømes vanedannande legemiddel, og legemiddel som ikkje er tablettar som skal i munnen (til dømes mikstur, salvar, augedropar, injeksjonar eller munnspray).

Her kan du lese nyhendesaka om dei nye nasjonale faglege råda hos Helsedirektoratet.

Her finn du nasjonal rettleiar for vanedannande legemidlar.  

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.