Feil operasjon var uforsvarleg helsehjelp

Ein pasient fekk ved ein feil operert ut tjukktarmen ved Haukeland universitetssjukehus. Årsakene til hendinga var samansette. Rutinane som skal sikre at rett pasient får rett inngrep, svikta på fleire område. Klinikkleiinga må ta ansvaret saman med dei som opererte. Sjukehuset har sett i verk fleire tiltak som følgje av hendinga.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 11.04.2019

Pasienten skulle få utført eit betydeleg mindre inngrep enn det som faktisk blei utført. Avlysingar og endringar i operasjonsprogrammet førte til usikkerheit kring kven som var på operasjonsprogrammet. Uklare ansvarsforhold og svikt i identitetssjekken på sengepost og operasjonsstua bidrog og til at feilen kunne skje.

Haukeland universitetssjukehus meldte straks hendinga til Helsetilsynet og Fylkesmannen oppretta tilsynssak. Då det svikta fleire stader i kjeda som skal sikre rett inngrep til rett pasient, har vi vurdert at klinikkleiinga har eit stort ansvar for feilen. Leiinga skal vite at dei førebuande rutinane er kjende og blir følgde. Dei skal og sjå til at ansvar er avklart og sørge for ordna arbeidsforhold. Men kirurgar har også eit sjølvstendig ansvar for å utføre rett inngrep på rett pasient.

Sjølv om tiltak som skal betre pasienttryggleiken allereie er sette i verk, vil Fylkesmannen følgje opp arbeidet som skal hindre at liknande feil kan skje igjen.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar