Drapet i Nattlandsveien - helsehjelpa var forsvarleg

Fylkesmannen har konkludert med at den drapsdømde mannen fekk forsvarleg helsehjelp i tida før valdshandlinga i mars 2019.

Sjølv om utfallet i saka er djupt tragisk, kan vi ikkje sjå at helsepersonellet hadde  grunnlag for å kunne føresjå valdshandlinga.  

Ein mann i 30-åra er i Bergen tingrett dømd for tvungent psykisk helsevern for drap på mor si og draps­­forsøk på far sin 12. mars 2019. Etter førespurnad om vurdering frå politiet og klage frå familien sin bistandsadvokat, oppretta Fylkesmannen tilsynssak med Helse Bergen HF og Bergen legevakt. I saka har vi vurdert helsehjelpa som vart gitt ved Bjørgvin distriktspsykiatriske senter (DPS), Akuttmedisinsk avdeling (AMK) og Bergen legevakt.

Ikkje mogeleg å føresjå valdshandlinga

Vi har snakka med involvert helsepersonell, og har gjennomgått pasientjournal og ambulanselogg.

Mannen var diagnostisert med psykisk sjukdom og hadde tidlegare vore under behandling ved Bjørgvin DPS. Om lag tre veker før drapet skjedde, opplevde familien at  den psykiske helsa vart verre. Dei kontakta AMK og Bergen legevakt. Mannen vart vurdert av lege på Bergen legevakt som meinte at vilkåra for å bruke tvang ikkje var oppfylte.

Når vi i ettertid skal vurdere helsehjelpa, må vi ta utgangspunkt i informasjonen som var tilgjengeleg på behandlingstidspunktet, og korleis situasjonen arta seg der og då.

Ut ifrå opplysningane i saka, meiner vi at vurderingane helsepersonellet gjorde ved Bjørgvin DPS, AMK og Bergen legevakt var grundige, adekvate og godt dokumenterte. Sjølv om utfallet i saka er djupt tragisk, kan vi ikkje sjå at helsepersonellet hadde grunnlag for å kunne føresjå valdshandlinga. Fylkesmannen har difor konkludert med at helsehjelpa var forsvarleg.