Alle har ei plikt til å hindre vald og overgrep

Dersom du veit, eller trur, at nokon kan bli utsett for vald eller overgrep, kan du ha ei lovpålagt plikt til å forsøke å hindre at det skjer.   

Avverjingsplikta er lite kjent, og ei undersøking frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet frå 2018 viser at 74 prosent av oss ikkje har høyrt om den. For tilsette i helsevesenet, skule, barnehage, SFO eller fritidsklubb er talet 1 av 10, ifølgje plikt.no. 

Avverjingsplikta er eit lovpålagt og individuelt ansvar for å hindre alvorlege vald- og seksuallovbrot. Dette gjeld både om ein jobbar med menneske og har teieplikt, eller er ein privatperson. Nettstaden plikt.no kan fungere som ein guide i situasjonar der du lurer på om du har plikt til å hindre vald eller overgrep.

Avverjingsplikta er særleg aktuell for yrkesgrupper som møter menneske i jobben sin. På nettstaden finn du informasjon om kva tid og ved kva lovbrot ein har avverjingsplikt. I tillegg finn du informasjon om korleis ein skal avverje og kva di rolle er.