Statsborgarseremoniar

Er du ny norsk statsborgar? Fylkesmannen inviterer alle nye statsborgarar som har fylt 12 år, til statsborgarseremoni. Målet med statsborgarseremonien er å ønskje nye statsborgarar velkomne og markere at nye medlemmer blir tekne opp i det norske fellesskapet. Seremonien er ein festdag, og du avgjer sjølv om du vil delta eller ikkje.