Bruk av politi i barnevernsinstitusjon

Kontakt med politi kan bli opplevd som skremmande og inngripande, særleg om det vert nytta tvang. Barn vi snakkar med fortel også dette. I januar 2020 utarbeida vi eit nytt elektronisk skjema til bruk ved orientering om at barn har vore i kontakt med politiet.

Barnevernsinstitusjonar kan ikkje bruke politi til å løyse eigne oppgåver, men kan unntaksvis tilkalle politi for å handtere ein situasjon som har tilspissa seg. Institusjonen skal utan hinder av teieplikta gi politiet dei opplysningane som er nødvendige for at politiet på ein skånsam måte kan utføre oppgåva si, etter barnevernlova § 6-7.

Meld frå til Fylkesmannen med elektronisk skjema

Vi ber institusjonar orientere oss når barn har vore i kontakt med politi. Les meir i brevet «Når barn på barneverninstitusjon kjem i kontakt med politiet», som de finn under «Dokument». 

Om barn i barnevernsinstitusjon har hatt kontakt med politiet, skal institusjonen dokumentere hendinga og grunngje kvifor det var nødvendig med hjelp frå politi. 

I januar 2020 har vi, i samarbeid med fellesadminstrasjonen for fylkesmennene, FMFA, utarbeida eit elektronisk skjema. Dette skjema kan ein sende inn ved å bruke sikker innlogging via ID-porten.

Alternativet er å bruke skjema som ligg under «Dokument» og send via Sikker melding til Fylkesmannen. 

Når skal politiet gripe inn

Om ein barneverninstitusjon vurderer at det trengst hjelp frå politi og ber om dette, vil det vere opp til politiet å vurdere om dei kan hjelpe, og på kva måte. I nokre tilfelle har politiet ei eiga plikt til å gripe inn, etter politilova § 13. 

Under "Lenkjer" finn du rundskriv og retningslinjer som omhandlar samarbeid og hjelp frå politi i ulike situasjonar. Dette gjeld til dømes når barn som bur i barneverninstitusjon rømmer, sjå barnevernlova § 6-8, eller når barn oppbevarar rusmiddel eller farlege gjenstandar, eller når det oppstår ein akutt faresituasjon.  

Les meir om dette i artiklane Dersom institusjonen mistenker at barn oppbevarer rusmiddel eller farlege gjenstander, og Hjelp frå politiet i akutte faresituasjonar på barneverninstitusjonar.