Uroa for kiting på Mølen

Illustrasjonsbilde av kitere
Illustrasjonsbilde av kitere Foto: Bildet er tatt av ArtTower fra Pixabay.

Fylkesmannen har fått ei rekke bekymringsmeldingar siste vekene om ulovleg kiting i Mølen fuglefredningsområde i Larvik. Kiting her går ut over sjeldne og sårbare vassfuglar.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 05.12.2020

Mølen fuglefredningsområde har ei stor mengde fuglearter, og er verna fordi det er eit viktig trekk- og overvintringsområde for vassfugl, spesielt overvintrande dykkender.

-Kiting i fuglefredningsområdet vil vera svært forstyrrande for fuglane som bruker området, fortel seniorrådgivar Fred Marius Svendsen hos Fylkesmannen i Vestfold og Telemark. – Nokon av desse dykkendene, slik som svartand, sjøorre og ærfugl står på norsk rødliste (arter som står i fare for å forsvinna frå norsk natur). Mølen er eit viktig område for desse artane òg om vinteren, og då er det viktig at dei får ro til å kvila og finne mat.

 

Kvar er det tillate å driva vassport på Mølen?

Grensene for fuglefredningsområdet kan sjåast på lenka under. Forvaltningsplanen for området har sett av to soner der det er vurdert at vassportutøvarar ikkje forstyrrar fuglane nemneverdig. I sone 2 er det tillate å kite og driva annan vassport heile året. I sone 1 er det berre tillate på sommaren frå 01.06. til 15.08. I den andre delen av fuglefredningsområdet er det ikkje tillate med kiting, av omsyn til det viktige fuglelivet.

Last ned kart med vernegrenser og soner for vannsport

 

Kva skjer om ein bryt vernebestemmelsen?

Fylkesmannen melder uroa vidare til Statens naturoppsyn, som er det operative feltorganet til miljøforvaltninga. Naturoppsynet til staten har såkalla avgrensa politistyresmakt, og melder saker til politiet der det er alvorlege regelbrot.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.