Tilsyn med Vestland fylkeskommune og vidaregåande opplæring for vaksne

Tilsynet går ut på å kontrollere om Vestland fylkeskommune følgjer regelverket i opplæringslova med forskrifter. Ut frå tilgjengeleg informasjon forstår vi det slik at Vestland fylkeskommune har fleire opplæringsstadar som tilbyr opplæring i faga som fører til studiekompetanse. Kontrollen inneber å undersøkje praksis ved fleire av desse opplæringsstadane.

Tema for tilsynet

Temaet for tilsynet er vidaregåande opplæring for vaksne. Under dette temaet kontrollerer vi:

  • Om Vestland fylkeskommunen gjer vedtak med eit korrekt innhald tilpassa den enkelte vaksne og set i gang opplæringa.

 

Dato:
20. august 2020 - 15. desember 2020
Stad:
Dokumenttilsyn
Ansvarleg:
Fylkesmannen v/ Astrid Terese Aam
Målgruppe:
fylkeskommunen

Kontaktpersonar