Tilsyn med Øygarden kommune

Dato:
30. november 2019 - 8. juni 2020
Stad:
Dokumenttilsyn
Ansvarleg:
Fylkesmannen v/Astrid Terese Aam

Temaet for tilsynet er grunnskoleopplæring for vaksne.

Publisert 11.06.2020

Samandrag

Vi opna tilsyn med Fjell kommune 30. oktober 2019. Målet med tilsynet er å kontrollere om kommunen oppfyller krava i regelverket innanfor dette tema.

Kommunen har i etterkant av varselet, og dokumentasjonen vart sendt inn, blitt slått saman til Øygarden kommune. Rapporten er derfor adressert til Øygarden kommune, som også vert ansvarleg for å rette brota på regelverket.

Rapporten omhandlar berre resultatet knytt til temaet som er valt, og på det tidspunktet tilsynet er gjennomført. Under tilsynet har Fylkesmannen funne brot på opplæringslova.

Vi har funne lovbrot under følgjande tema:

- Gje rettleiing og vurdere retten til vaksne som ønskjer/søkjer om grunnskuleopplæring.

- Kartlegge behovet for opplæring.

- Gjere vedtak med eit korrekt innhald tilpassa den enkelte vaksne

Kommunen fekk ein førebels tilsynsrapport og har uttalt seg innan fristen. På bakgrunn av uttalen frå kommunen, har vi gjort nokre endringar i rapporten. Vi har gjort vedtak med pålegg om retting. Kommunen har rettefrist til 2. oktober 2020.

Du finn tilsynsrapporten i høgremenyen.

Dato:
30. november 2019 - 8. juni 2020
Stad:
Dokumenttilsyn
Ansvarleg:
Fylkesmannen v/Astrid Terese Aam

Kontaktpersonar

Dokument