Fylkeslegen blir direktør for Statens helsetilsyn

Fylkeslege Sjur Lehmann foran Statens hus medan han held i ein bunke papir.
Fylkeslege Sjur Lehmann. Bildet kan nyttast av andre mot kreditering. Foto: Janne Weltzien Listhaug.

Fylkeslege Sjur Lehmann er i statsråd i dag utnemnd som ny direktør for Statens helsetilsyn.

Publisert 12.01.2024

Lehmann har vore fylkeslege og avdelingsdirektør for helse-, sosial- og barnevernsavdelinga sidan 2021, og var før dette seksjonsleiar for spesialisthelse og assisterande fylkeslege i same avdeling.

Lehmann har ein sjeldan brei bakgrunn, noko helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol også la vekt på i utnemninga:

 – Det er ei glede å utnemne Sjur Lehmann som ny direktør for Helsetilsynet. Han har ein brei fagleg ståstad, og er ein trygg leiar med stort fagleg truverd. I tillegg er han ein strateg, med stor evne til å tenke nytt og langsiktig, som kan setje retning for tilsynets viktige arbeid.

Statsforvaltar Liv Signe Navarsete og assisterande statsforvaltar Gunnar O. Hæreid seier utnemninga er ei stor tillitserklæring.

– Vi er glade for at Sjur går til noko der han både vil vere til nytte for og setje krav til oss som han kjenner godt, og med eit viktig og vanskeleg samfunnsoppdrag. Han har alle føresetnader for å lukkast, seier embetsleiinga.

Lehmann startar som direktør i Helsetilsynet 4. mars. Frå 4. mars til ein ny leiar er på plass vil Øystein Breirem Jacobsen fungere som avdelingsdirektør for helse-, sosial- og barnevernsavdelinga og Linda Svori vil fungere som fylkeslege.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.