Eitt år med krig i Europa

Fredag 24. februar er det eitt år sidan krigen i Ukraina starta. I solidaritet med ofra for krigen, sender vi i dag ein ekstra tanke til ukrainarar som kjempar for landet sitt, og for retten til å leve i fridom og demokrati i Europa.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 24.02.2023

– Det har no gått eitt år sidan Russland invaderte Ukraina og vi fekk krig i Europa. Det har vore eit år med brutale og fryktelege krigshandlingar, der mange tusen har mista livet eller vortne jaga frå heimane sine.

– Vi vil vise støtte til Ukraina på eittårsdagen for krigen, og inviterer difor alle tilsette som ynskjer det til eitt minutt stille kl 12, seier statsforvaltar Liv Signe Navarsete. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.