Omfattande bifangst av oter i fiskereiskap

Norsk Institutt for Naturforskning (NINA) fann i ein studie at 76 prosent av den daude oteren som var samla inn, drukna i torskeruser og anna fiskeutstyr. Studiet er gjort i Hordaland, men funna er truleg representative for heile Vestlandet.

I åra 2003-2018 samla NINA inn 218 daude oter frå Hordaland. Av desse hadde 125 drukna i torskeruser, 39 i fiskegarn og 3 hadde drukna i hummerteiner.

Drukning i fiskereiskap bremsar reetblering av oter

Oteren har no etablert seg att i Vestland etter å ha vore nesten heilt fråverande i fleire tiår. Reetableringa har skjedd gjennom individ som har vandra nedover kysten frå nord. Tap av oter i fiskereiskap har vore så stor, at dei mest truleg har bremsa den vidare ekspansjonen sørover. Dette går fram av ein artikkel som forskarar ved NINA nyleg har publisert. Datagrunnlaget er samla i Hordaland, og Fylkesmannen i Hordaland medverka økonomisk til studiet. 

Omfanget av bifangst av oter i fiskereiskap er langt større enn det burde vere. I artikkelen kjem NINA med forslag til endringar i reiskapsbruk som kan avgrense tap av oter.

Tidlegare naturoppsyn Terje Haugland gjorde ein stor innsats for å samle inn daude oter rundt om i Hordaland. Storparten av materialet han samla inn, var dyr som hadde drukna i fiskereiskap, men denne oteren frå Davanger i Askøy hadde blitt påkøyrd av bil. Det kan vere mykje nyttig kunnskap å hente ved å analysere daude dyr, noko dette studiet er eit godt døme på.

Tidlegare naturoppsyn Terje Haugland gjorde ein stor innsats for å samle inn daude oter rundt om i Hordaland. Storparten av materialet han samla inn, var dyr som hadde drukna i fiskereiskap, men denne oteren frå Davanger i Askøy hadde blitt påkøyrd av bil. Det kan vere mykje nyttig kunnskap å hente ved å analysere daude dyr, noko dette studiet er eit godt døme på. (Foto: Stein Byrkjeland)

Viktig art i kystnaturen

Oteren er ført opp på den norske raudlista over trua artar, og er ein viktig art i kystnaturen vår. Ein som ikkje ser ut til å like oteren er minken. Det kan sjå ut til at oter fortrenge mink frå gode leveområde. Mink er ein introdusert art som kan gjere stor skade på hekkande sjøfugl, oteren kan her ha ein viktig funksjon.

Daud oter er fallvilt

Ein daud oter er å rekne som fallvilt, og fallvilt er etter lova staten sin eigedom. Fallvilt skal registrerast, du kan registrere daud oter på artsobservasjoner.no eller på hjorteviltregisteret.no. Langt over halvparten av materialet som NINA samla inn i denne studien var ikkje registrert.