Kartlegging av naturtypar i Vestland 2024

Insekt som sit på ein plante med grøne blad og gul blomst.
Humler er viktige pollinatorar. Her er ei humle på veg til å hauste frå ein vårkål. Foto: Tore Larsen ©.

Sommaren 2024 blir det gjennomført naturkartlegging i delar av kommunane Eidfjord, Kvinnherad, Voss og Stryn. Kartlegginga er ein del av ei nasjonal satsing for å betre kunnskapsgrunnlaget om norsk natur og ta betre vare på arts- og naturmangfaldet.

Publisert 03.05.2024

Kvifor kartlegg vi naturtypar?

Målet med kartlegginga er å få på plass kartfesta informasjon om kvar det finst naturtypar som er viktige for artsmangfaldet, til bruk i mellom anna arealforvalting. Stadfesta informasjon om natur som er tilgjengeleg tidleg i ein arealplanprosess, vil gjere det lettare å ta omsyn. I tillegg kan det bidra at planprosessar blir meir effektive og føreseielege. Kartlegginga kan òg vere nyttig for grunneigarar som ønskjer å søke om tilskot til skjøtsel av truga naturtypar i kulturlandskapet.

Nærbilete av død trestokk med ulike lav med ulike fargar
Død ved er avgjerande for mange artar, særleg sopp og insekt, men og mange mosar og lav er avhengige av dette miljøet. Gammal skog med død ved av store dimensjonar i mange ulike nedbrytningsstadium har blitt mangelvare i norsk natur. Difor er det viktig å få oversikt over slike miljø, slik at vi kan unngå å øydelegge dei. På fotoet ser vi fleire vanlege artar, der gullroselav er den mest iaugnefallande. Foto: Tore Larsen ©.

Kva skal kartleggast?

Kartlegginga skjer etter NiN-systemet (Natur i Norge), eit standardisert system for kartlegging av natur i Norge. Miljødirektoratet har vurdert 111 naturtypar som særleg viktige for naturmangfaldet og som derfor skal kartleggast. Mange av desse er raudlista i Norge, medan andre er viktige leveområde for truga og nær truga artar.

På oppdrag frå Miljødirektoratet, har Statsforvaltaren foreslått område for kartlegging av naturtypar. Forslaga følgjer i grove trekk innspel Statsforvaltaren har fått inn frå kommunane. Det er lagt vekt på område med utbyggingspress og område der ein trur det kan finnast truga eller særleg viktige naturtypar. I tillegg må områda vere minst 10 kvadratkilometer store. Miljødirektoratet har brukt forslaga frå Statsforvaltaren som grunnlag for si prioritering av område for kartlegging. Kartlegginga blir utført av fagbiologar.

Kartlegging i Vestland i 2024

Det skal kartleggast i fire kommunar i Vestland i 2024 (sjå lenke til kart i høgremenyen). Resultata frå kartlegginga vil bli allment tilgjengelege i Naturbase våren 2025. 

Kommune

Område som skal kartleggast

Eidfjord

Sysendalen og Isdalen

Kvinnherad

Nordre del av Halsnøy

Stryn

Lodalen og Oldedalen og fjordliene utanfor

Voss

Eit område aust for søre del av Granvinsvatnet, austover forbi Vatnasete, til kommunegrensa mot Ulvik

Ferdsel på innmark

All ferdsel i samband med kartlegginga vil skje i tråd med friluftslova sine reglar om ferdsel og god ferdselskultur.

Der det skal undersøkast område på innmark, til dømes gammal, ugjødsla beitemark eller slåttemark, kan det vere behov for ferdsel på innmark. Om det er spesielle omsyn som må takast i samband med slik ferdsel, eller du ikkje gir samtykke til ferdsel på di innmark, kan du ta kontakt med Statsforvaltaren før kartlegginga startar (ca. 1. juni).

Kartlegging i verneområde

Også delar av nokre verneområde blir kartlagt i 2024:

  • Kolebakkane naturreservat, Gloppen kommune
  • Buggastrondi naturreservat, Luster kommune
  • Luster Almenning naturreservat, Luster kommune
  • Røykjedalen i Jostedalsbreen nasjonalpark, Luster kommune
  • Bergsetdalen i Jostedalsbreen nasjonalpark, Luster kommune
  • Mørkrisdalen landskapsvernområde, Luster kommune
  • Hurrungane i Jotunheimen nasjonalpark, Luster kommune
  • Berdalen naturreservat, Lærdal kommune
  • Eiterstrondi naturreservat, Vik kommune
Grønn eng med innslag av blå og kvite blomar.
Artsrik, ugjødsla slåtteeng er raudlista som kritisk truga. Moderne landbruk har ført til at slike enger nesten er borte. Dei har anten blitt gjødsla opp for grasproduksjon eller har gått ut av bruk og er i attgroing. Gjennom tilskotsordninga "Tilskot til truga naturtypar" kan ein få økonomisk stønad for å drifte slike enger på gamlemåten. Foto: Olav Overvoll / Statsforvaltaren i Vestland.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.