Kunngjering av løyve til utslepp av kommunalt avløpsvatn i Myrkdalen

Voss herad fekk 22. mars 2024 løyve etter forureiningslova til utslepp av kommunalt avløpsvatn frå Myrkdalen tettbygde område.

Publisert 03.04.2024

Løyvet gjeld etablering av eit nytt reinseanlegg som skal erstatte dei  fem eksisterande reinseanlegga i Myrkdalen. Brev med vurdering av saka og løyve med vilkår ligg på www.norskeutslipp.no.

Rett til å klage

Partane som er involvert i saka og andre med særlege interesser kan klage på vedtaket innan tre veker. Klagen skal sendast til Statsforvaltaren, som kan gjere om vedtaket eller sende klagen vidare til Miljødirektoratet. Merk klagen med referansenummeret som står i saksdokumenta.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar

Lenkjer