Kunngjering av løyve til deponering av overskotsmassar frå bygging av fellesprosjektet Arna-Stanghelle

Illustrasjon av sjaktløysing for deponering av massar ved Langhelleneset. Illustrasjon: Fellesprosjektet Arna-Stanghelle

Statsforvaltaren gav 19. juni 2023 løyve til deponering av overskotsmassar i Sørfjorden og Veafjorden i tre sjødeponi innanfor arealavgrensinga vedteken i statleg reguleringsplan. Løyvet er gitt til Statens vegvesen og Bane NOR. 

Publisert 19.06.2023

Løyvet gir vilkår for utføring av anleggsarbeida. Vilkåra er sett slik at fare for forureining og fare for negativ påverknad på fisk og anna marint biologisk liv vert redusert til akseptabel risiko. Det er gitt vilkår med grenseverdiar for forureining i sjø, og om korleis påverknad frå deponering av stein skal målast, overvakast og rapporterast.

Kva utgjer størst fare for forureining og negativ påverknad og korleis der det regulert?

Miljørisikovurdering syner at spreiing av partiklar/finstoff frå tunnelsteinen i dei øvre vatnsjikta utgjer størst risiko for negativ påverking på det marine miljøet. Spreiing av finstoff i dei øvre lag vil utgjere ein risiko for torskegyting, anadrom laksefisk og for oppdrettsnæringa i Sørfjorden.

Statens vegvesen skal nytte eit lukka nedføringssystem for deponering av tunnelstein der steinen kjem ut i sjøen på ei djupne som vil unngå spreiing av finstoff i dei øvre sjikta av vannmassane. Finstoffet skal søkast spreidd på djupne som er lågare enn dei vannlaga der torskeegg, anadrome laksefiskar og oppdrettsfisken oppheld seg som er anslege til minus 25 til 30 meter.

Spreiing av finstoff skal overvakast ved hjelp av målarar plassert på stadar som representerer dei ulike fiskeriinteresser ein skal beskytte, med grenseverdiar for suspendert stoff som representerer tolegrense for dei ulike fiskeslaga og eit alarmregime med stans i deponeringa dersom grenseverdiane vert overskriden.

Statsforvaltaren gir unntak frå forureiningslova § 32 første ledd om at overskotsmassar skal leverast lovleg avfallsanlegg eller gjennomgå gjenvinning

Overskotsmassar frå sprenging av tunnelar er å anse som avfall, jf. definisjonen i forureiningslova § 27. Dei aktuelle sprengsteinsmassane i denne saka vil være å rekne som "næringsavfall", jf. forureiningslova § 27a andre ledd. I følgje forureiningslova § 32 første ledd er hovudregelen at næringsavfall skal leverast til lovleg avfallsanlegg, med mindre sprengsteinsmassene "gjennomgår gjenvinning" og kjem til nytte ved å erstatte materialar som elles ville blitt brukt.

Plassering av overskotsmassar i sjødeponi er ikkje nyttig gjenbruk/gjenvinning. I saker der det ikkje er tale om gjenvinning av avfallet, kan forureiningstyresmakta, etter § 32 andre ledd, gje unntak frå hovudregelen om levering til avfallsanlegg. Vi gir samtykke til "anna disponering" av avfallet. Statsforvaltaren er styresmakt etter § 32 andre ledd der overskotsmassar skal deponerast i sjø utan samfunnsnytte.

Statens vegvesen har over fleire år forsøkt å få avsetnad på overskotsmassane gjennom å tilby intensjonsavtalar med aktørar i inn- og utland på å overta massar på minimum 100 000 m3 tunnelstein. Dei ulike tunnelmassane er analysert og informasjon om geologi/fjellkvalitet og klassifisering av massane som anvendeleg til for eksempel vegbygging er tilgjengeleg. Så langt er det inngått kun ein intensjonsavtale for mottak av inntil 1,6 millionar am3.

Ikkje-forureina overskotsmassar frå samferdselsanlegg er ikkje ein knapp ressurs i dag. Det er utenkjeleg å sende 9 millionar am3 tunnelmassar til landdeponi. Undersøkte alternativ til sjødeponi viser at kriteria for samfunnsnyttig bruk ikkje er oppfylt. Det gjeld særleg klimagassutslepp og kostnader/prosjektrisiko. Statsforvaltaren samtykker til at inntil 9 millionar am3 overskotsmassar kan deponerast i Sørfjorden og Veafjorden fordelt på tre lokalitetar.

Landdeponia Tangelandsheiana og Vestredalen kan utgå som landdeponi

Statsforvaltaren legg vekt på vurderingane frå Statens vegvesen i forslag til reguleringsplan, frå Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD) i godkjenningsvedtaket for reguleringsplanen og høyringsuttale frå Bergen kommune. Dei to føreslåtte landdeponia Tangelandsheiana og Vestredalen i forslag til reguleringsplan har liten eller inga nyttig etterbruk og at etablering av landdeponia ville medført negative effektar på natur- og friluftsverdiar

Informasjon

Søknad om løyve  og løyvet med vilkår ligg på  til høgre på denne sida. I løyvet er det referanser til andre dokument/rapportar. Referansane ligg til høgre på denne sida, i nummerert rekkefølgje. 

Løyvet ligg også på www.norskeutslipp.no.

Rett til å klage

Partane som er involvert i saka og andre med særlege interesser, kan klage på vedtaket innan tre veker. Klaga skal sendast til Statsforvaltaren, som kan gjere om vedtaket eller sende klaga vidare til Miljødirektoratet. Merk klaga med referansenummeret 2019/20103.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar