Når kommunedirektøren er ugild

Er kommunedirektøren ugild til å tilrettelegge grunnlaget for ei sak det skal takast avgjerd i, eller sjølv å ta avgjerd i saka, kan heller ikkje nokon i administrasjonen i kommunen etter forvaltningslova § 6 tredje ledd gjere vedtak i saka. Dette er fordi ein kommune vert rekna som eitt forvaltningsorgan. Alle administrativt tilsette i kommunen er derfor organisatorisk underordna kommunedirektøren.

Publisert 19.01.2024

Kommunen er likevel det rette organet til å behandle saka, men avgjerda må i tilfelle takast av nokon som har retten til å ta slik avgjerd, og som ikkje er underordna kommunedirektøren. Det kan til dømes vere eit folkevald organ i kommunen. Kommunestyret kan som hovudregel ta avgjerd i alle saker som kommunen behandlar. Avgjerdsmakt kan også vere delegert til formannskapet, eit utval eller til ordføraren. Alternativt kan det tilsetjast ein sette-kommunedirektør for saka.

Tilsette i administrasjonen kan førebu og tilrettelegge saka for avgjerd så lenge dei ikkje sjølve er ugilde, men det må då skje under leiing av det organet som skal ta avgjerd i saka, alternativt ein sette-kommunedirektør. Avgjerdsorganet må ta stilling til kven som er best eigna til å førebu saka, og mellom anna vurdere lojalitetsband og korleis det blir oppfatta for utanverda dersom tilsette i administrasjonen er med på å førebu ei sak der kommunedirektøren er ugild. Ein sette-kommunedirektør kan, om det trengst, få eigne tilsette eller ein advokat til å førebu saka.

Oppnemning av sette-kommunedirektør

Etter kommunelova § 13-1 er det kommunestyret sjølv som tilset kommunedirektør. Kommunestyret har ikkje høve til å delegere dette. Det er derfor kommunestyret som også må tilsette ein sette-kommunedirektør. Dette kan vere ein kommunedirektør i ein annan kommune, men det treng ikkje å vere det. Det kan også vere ein annan person utanfor kommuneadministrasjonen.

Oppnemninga er ei tilsetjingssak som etter kommunelova § 11-5 andre ledd må skje i lukka møte. Oppnemninga kan derfor etter § 11-7 tredje ledd ikkje skje i fjernmøte, men må gjerast i fysisk møte.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar