Søknad om anleggsarbeid i sjø - utviding Flåm cruisekai Aurland

Høyringsfrist:
10. mai 2024 23:00
Kart som syner utvidinga av Flåm cruisekai

Aurland Hamnevesen KF skal utvide cruisekaia i Flåm frå 110 meter til 185 meter ved å etablere tre nye cellespuntar. 

Publisert 10.04.2024

Føremålet med tiltaket er bl.a. å tilretteleggja for landstraum til cruiseskipa sidan dagens kai er for liten til å etablere tilkoplingsstasjonar (uttaksskap) på kaikanten som vil treffe skipa sine tilkoplingspunkt for landstraum. Etablering av landstraum vil redusera luftforureining og støy frå skipa, ettersom det ikkje vil vera naudsynt å bruka dieselaggregat for straumforsyning. Det er normalt 150-160 cruiseskip pr. år i Aurland og Nærøyfjorden. Etablering av landstraum for cruiseskip vert ansett som ein viktig føresetnad for å kunne oppnå klimanøytrale løysingar.

For å etablere kaiutvidinga skal følgjande arbeid utførast i sjø:

Ca 8 500 m3 sprengsteinsmassar i eksisterande sjøfylling skal flyttast ut på djupare vatn

Utfylling av ca. 8 800 m3 massar mellom spuntane og innafor mot land. Dersom det lét seg gjera anleggsteknisk, vil entreprenør fyrst anleggja ein steinsjetè mellom den nordlegaste cellespunten og land.

Offentleg ettersyn

Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida.

Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.

Merk saka med referansenummer 2024/3113. Frist for å gje fråsegn er 10. mai 2024.

Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn.