NGIR søkjer om etablering av jordvaskeanlegg

Høyringsfrist:
20. mai 2024 23:59
Flyfoto av området. Raud sirkel indikerer plassering av anlegget

Dei søkjer om å etablere jordvaskeanlegg på avfallsanlegget i Kjevikdalen. Det er søkt om å vaske 100 000 tonn massar med ulik grad av forureining og 50 000 tonn reine massar per år. Høyringsfristen er 20. mai 2024. 

Publisert 08.04.2024

Jordvaskeanlegg

NGIR søkjer om å etablere eit vaskeanlegg for forureina massar, som vaskar ut finstoff med forureining. Større fraksjonar kan då bli gjenbrukt til nyttige formål og mengda som må deponerast blir mindre.

Søknaden omfattar mellomlagring av maksimalt 5 000 tonn forureina massar, 5 500 tonn reine massar etter vasking og 500 tonn filterkaker.

Prosessvatnet frå vaskeanlegget vil samlast opp og bli gjenbrukt i anlegget. Det er søkt om å sleppe ut vatn frå lagerområde for ferdig vaska massar til Rydlandsvågen.

Eksisterande løyve

Verksemda har frå før løyve til drift av deponi og avfallsanlegg i Kjevikdalen, sjå www.norskeutslipp.no

Offentleg ettersyn

Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida. Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger. Merk saka med referansenummer 2019/1198. Frist for å gje fråsegn er 20. mai 2024.

Høyringsfrist:
20. mai 2024 23:59

Kontaktpersonar

Lenkjer