Vi startar opp med frivillig skogvern på Frønningen

Høyringsfrist:
10. mars 2024 23:59
liggjande daudt, krokete furutre i grøn lyng
Tilbodsområdet for frivillig skogvern på Frønningen husar daud ved i alle nedbrytingsfasar. Data frå NTNU dokumenterer at enkelttre starta å spire allereie på 1100-talet, om lag den tida då Urnes stavkyrkje vart bygd og slaget på Fimreite avgjorde kongemakta. Foto: Statsforvaltaren v/ Maria Knagenhjelm.

Vi startar verneprosess for meir enn 17 km² på Frønningen i Lærdal kommune. Området husar uvanleg gamal, storvokst furuskog av nasjonal verdi. Området er så langt det største etter prosedyra for frivillig skogvern i fylket. 

Publisert 08.02.2024

Etter dialog med grunneigar og Norskog melder vi formell oppstart av skogvernprosess på Frønningen i Lærdal kommune i Vestland. Vi ønskjer med dette å informere om prosessen som no startar opp etter naturmangfaldlova, og for å innleie til medverknad og innspel frå aktuelle partar.

Til høgre i denne nettsaka ligg både utkast til verneforskrift og utkast til vernekart. I tillegg ligg kartleggingsrapporten frå Rådgivende Biologer og ein  rapport frå NTNU om ei dendrokronologisk undersøking.

Kor er Frønningen?

Tilbodsområdet Frønningen er lokalisert på gards- og bruksnummer 129/1 i Lærdal kommune. For å kome til Frønningen tek ein ferje eller båt frå Kaupanger. Tettstaden Frønningen ligg ved fjorden, og kandidatområdet for skogvern ligg høgare i terrenget, på eit platå over fjorden.

Arealet vi no melder oppstart på er eigd av ein privat grunneigar som har signert tilbod om vern av eigedomen som naturreservat etter prosedyren for frivillig skogvern. Vi melder oppstart av verneprosess for eit areal med storleik på 17 283 dekar, der 7200 dekar er registrert som skogdekt.

Intakt areal tilgrensande verdsarv og landskapsvern

Tilbodsområdet Frønningen ligg i ei nordvendt li i slakt hellande terreng i den vestlegaste delen av Lærdal kommune, sør for Sognefjorden. Arealet er noko brattare i nord, ned mot fjorden, og grenser i aust mot Bleia naturreservat. I sør/søraust grenser tilbodsområdet mot Bleia-Storebotn landskapsvernområde. Frønningen grensar mot Aurland kommune i sør. Arealet går frå om lag 200 til over 1000 meter over havet.

utsyn frå høgt punkt utover skogslandskap
Det har aldri vore meldt oppstart av eit frivillig skogvernområde i Vestland så stort som Frønningen. Arealet er over 17 kvadratkilometer og grensar til både verdsarv og eksisterande verneområde. VI vurderer kandidatområdet til å ha nasjonal verneverdi. Foto: Rådgivende biologer v/Conrad Blanck.

Rundt tilbodsområdet, langs dei eksisterande verneområdegrensene, ligg verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap. Bleia-Storebotn landskapsvernområde startar eit stykke over tregrensa, og i utgangspunktet skal frivillig skogvern dekke skogkledde areal. Gjennom forhandlingar mellom Norskog og staten har vi likevel kunne trekke grensa for kandidatområdet opp til grensa for landskapsvernområdet, slik at det blir eit samanhengande område med vern og tilgrensande verdsarven på fleire sider. Ein større del av kandidatområdet for frivillig skogvern er difor, i dette tilfellet, utan skogdekning.

Uvanleg stort område med gamal skog

Området er uvanleg stort i skogvernsamanheng. Lokaliteten ligg tilgrensande eksisterande verneområde og har gjennomgåande god tilstand med god kontinuitet med død ved. Det er registrert eit par raudlista artar, blanknål og rustdoggnål, med status som nær truga. Det er potensiale for fleire raudlista knappenålslav og kontinuitetskrevjande sopp tilknytt daud ved og gamal barskog. Den dominerande naturtypen i tilbodsområdet er gamal barskog, i utforming gamal furuskog. Furu dominerer, men det er også innslag av bjørk. Langs bekkane er det noko rikare vegetasjon med til dømes gråor og karplanteflora som fugletelg og hengjeveng. Vegetasjonen vekslar mellom blåbærskog, bærlyngskog og lavskog. Skogen er dominert av storvaksne, grove furutre, og det er gjennomgåande mykje daud ved i alle nedbrytingsstadium.

Fururot med svarte felt og bærlyng ved foten
Furu toler påverknad frå brann betre enn dei fleste andre treslag, og på Frønningen kan vi sjå spor etter tidlegare tiders skogbrannar. Barken på furu vernar treet mot varmen og flammane, og høge tre med tjukk bark lever vidare i brannråka område. Tre med brannspor er levestad for spesialiserte insekt og lavartar. Foto: Statsforvaltaren v/ Maria Knagenhjelm.

Vi fann brannspor på dei eldste keloelementa (også kalt sølvfuruer). I dei høgareliggjande partia finn vi spesielt gamle furuer, og jamfør dentrokronologiske data innsamla av NTNU har enkelttre vore i vekst allereie på 1100-talet, samstundes som då Urnes stavkyrkje vart bygd. Rapporten frå NTNU er tilgjengeleg i høgrefana. Også bjørketrea syner høg alder. Naturtypeavgrensinga er vurdert til å ha A-verdi, som tilsvarar nasjonal verdi.

Fråvær av tekniske inngrep og framande artar

Større tekniske inngrep er nesten fråverande og det er få spor etter tidlegare hogst innanfor avgrensinga. Det er heller ingen framande artar i området, som ofte er utfordrande andre stader. Delar av tilbodsområdet er samanfallande med leveområdet til villreinen i Nordfjella. Innanfor tilbodsområdet er det også registrert ein naturtypelokalitet i form av ei låglandsmyr med C-verdi. Denne vart registrert i 1984 og er intakt, men vil ikkje bli omtalt vidare sidan den er mindre relevant for skogvernet.

Vi vurderer området til å dekke manglar i skogvernet i Vestland. Sjølv om arealet er relativt høgtliggjande og vi allereie har god dekning av naturtypen gamal furuskog i fylket, har kandidatområdet Frønningen særs gamle tre, det er uvanleg stort og ligg tilgrensande både eksisterande naturreservat, landskapsvern og verdsarv. Området har middels til høg bonitet i dei skogkledde areala, og har A-verdi (regional til nasjonal verdi etter metodikken skildra i DN-håndbok 13). Evalueringa av skogvernet frå 2016 vurderer at det trengs fleire store, samanhengande område og med høg bonitet. Vi vurderer Frønningen som verneverdig.

store tre med litt disig luft og en kvinne som står på bakken og undersøker stammen
Store, intakte skogområde med høg alder og store tre gjev livsgrunnlag for sjeldne, truga og sårbare artar. Jo større tre, jo betre plass til ulike nisjer og artar som trivst der. Storleik er også ein viktig kvalitet i verneområde fordi store område dekker fleire nisjer og er meir robuste for omkringsliggjande endringar enn små område. Foto: Statsforvaltaren v/ Maria Knagenhjelm.

Mål om 10 prosent vern av skogen i Vestland

Det er ei nasjonal målsetjing å redusere tapet av naturmangfald, og som eit ledd i dette har regjeringa ei langsiktig målsetjing om at om lag 10 prosent av skogen i Norge skal bli verna. Med litt over 3 prosent av skogen i fylket verna til no, er vi enno langt unna dette målet i Vestland. Med eit vern av skogen på Frønningen vil vi komme litt nærmare målet om å ta betre vare på store og sammenhengjande naturområde med gamal skog i fylket.

Kva betyr det at eit område vert verna?

For å ta vare på store og sårbare naturkvalitetar i eit område er det nødvendig med ei verneform som sikrar mot inngrep. Det er difor ønskjeleg å verne tilbodsområdet på Frønningen som naturreservat. Ei slik verneform vil i utgangspunktet forby aktivitetar og nye anlegg som kan skade verneverdiane i naturreservatet. Vernet vil føre til restriksjonar på bruk av området når det gjeld hogst og andre inngrep.

Grunneigar vil ha rett til jakt og fangst, og ålmenta vil kunne nytte området til friluftsliv, plukke matsopp og bær. Kulturminne kan bli restaurert og ivareteke i samråd med kulturminnemynde. Det har vore sau på beite her, og det er hjort, elg og kan kome rein ned i området.

Innspel og vidare framdrift

Det er ønskjeleg med innspel på verneforslaget slik at prosessen og ulike tema kan bli så opplyst som mogleg. Når innspel til oppstartsmeldinga er vurdert, vil vi sende eit meir detaljert forslag til vern på høyring. Under høyringa har vi ein innspelsperiode på minst to månader. Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål. 

Send innspel til oppstartsmeldinga som brev til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger, eller per e-post til sfvlpost@statsforvalteren.no innan 10. mars 2024.

For utsendingsbrev med adresseliste, utkast til vernekart og meir bakgrunnsinformasjon, sjå ramma til høgre i denne saka.