Høyring av ni område for frivillig skogvern


Høyringsfrist 05. august 2020 00:00

Vi sender på høyring ni område for frivillig skogvern som naturreservat. Frist for uttale er 5. august 2020.

Parti med rik sumpskog på Skarvatun i Kvinnherad. Foto: Magnus Johan Steinsvåg ©Parti med rik sumpskog på Skarvatun i Kvinnherad. Foto: Magnus Johan Steinsvåg ©

Etter dialog med grunneigarane, AT Skog og Norskog sender vi på høyring ni område for frivillig skogvern i Vestland. Tre av områda gjeld utviding av eksisterande naturreservat.

I tillegg har vi høyring for vern av gnr 53 bnr 1 på Ulvenfjellet der Statskog SF er eigar og Forsvaret har øvingsverksemd.

Totalt utgjer areala 13 680 dekar. Av dette utgjer områda om lag 12 330 dekar skog, der 10 490 dekar er produktiv skog. I gjeldande kommuneplanar har alle områda føremålet landbruk, natur- og friluftsføremål (LNFR) og noko areal avmerkt med omsynssone.

Høyringa gjeld følgjande område:

1. Bugen naturreservat (utviding) i Bremanger kommune (457 dekar)
2. Gulbergnotten naturreservat (utviding) i Ullensvang (2513 dekar)
3. Hopslia naturreservat i Samnanger og Bjørnafjorden kommunar (2 596 dekar)
4. Kjepso og Litletveit i Kvam som utviding av Uranes naturreservat (978 dekar)
5. Krakksfjellet naturreservat i Solund kommune (1 600 dekar)
6. Skarvatun naturreservat i Kvinnherad kommune (1 680 dekar)
7. Bergsstronda naturreservat i Høyanger kommune (1 077 dekar)
8. Stussvikhovda naturreservat i Bjørnafjorden og Kvinnherad (1353 dekar)
9. Ulvenfjellet i Bjørnafjorden kommune (1400 dekar)

Nasjonale naturverdiar

Dei ni områda fordelar seg over heile fylket og fangar opp eit mangfald av artar og viktige naturtypar. Vernet vil omfatte mellom anna rike edellauvskogar, eldre kalkrike blandingsskogar, vestnorske regnskogar, rikmyrer og rik sumpskog. Det er ei målsetjing å ta vare på verneverdiane i mest mogleg urørd tilstand.

Kva betyr det at eit område vert verna?

For å ta vare på store og sårbare naturkvalitetar i eit område er det nødvendig med ei verneform som sikrar mot inngrep. Det er difor ønskjeleg å verne om områda som naturreservat. Ei slik verneform vil i utgangspunktet forby aktivitetar og nye anlegg som kan skade verneverdiane i naturreservatet. Vernet vil òg føre til visse restriksjonar på bruk av området, både når det gjeld hogst og andre inngrep.

Grunneigarane vil framleis ha rett til jakt, fiske og ålmenta vil framleis kunne plukke sopp og bær. Turstiar som er i området skal òg kunne haldast ved like. Kraftlinjer som går gjennom områda skal kunne driftast, vedlikehaldast og oppgraderast.

 

Kartet viser område som det er starta vernearbeid med i Vestland. Du kan zoome inn i kartet for å sjå nærare avgrensing på dei ni områda som no er til høyring. Følg lenka i høgre marg på denne sida forå opne kartet i eigen fane.

Frivillig skogvern

I dei siste åra er det frivillig skogvern som har vore den mest aktuelle verneforma. Som ordet seier, er dette eit vern der staten er heilt avhengig av at grunneigaren sjølv ønskjer dette.

I ein slik prosess er det grunneigar sjølv som tilbyr staten område for vern. For staten vil det vere viktig at det finst viktige miljøverdiar innanfor det aktuelle området. Om det aktuelle området er interessant for vern, kan det setjast i gong ein prosess for å verne området. Grunneigar kan trekkje tilbodet når som helst under arbeidet, heilt fram til ein avtale er signert.

Dei verneframlegga som det no er på høyring, er alle resultat av at grunneigarane har fremja tilbod til staten om frivillig vern. Avgrensing av områda er basert på ønskje frå grunneigarar som har tilbyde areal og naturkvalitetane i området.

Samanlikna med tidlegare verneprosessar, har erstatning for areal gjennom ordninga frivillig skogvern vore svært gunstige.

Kvifor vern av skog?

Artsdatabanken, den nasjonale kunnskapsinstitusjonen for naturmangfald, reknar med at om lag 60 prosent av alle artane på fastlandet i Noreg har skog som levestad. Totalt 90 prosent av dei truga raudlisteartane vert negativt påverka av menneskelege arealendringar. Inngrep som følgje av utbygging og skogbruk er blant dei viktigaste faktorane. Å ta vare på mest mogleg intakte økosystem i skog er blant dei viktigaste tiltaka vi kan gjere for å ta vare på vestlandsnaturen for framtida.

Berre 2,9 prosent av skogen verna

Det er ei nasjonal målsetjing om redusere tap av naturmangfald, og som eit leidd i dette har regjeringa ei langsiktig målsetjing om at om lag 10 prosent av skogen i Norge skal bli verna. Med berre 2,9 prosent av skogen verna, er vi enno langt unna dette målet i Vestland.

Innspel og vidare framdrift

Det er ønskjeleg med innspel på det frivillige skogvernet slik at prosessen og tema kan verta så opplyst som mogleg. Etter at innspel på denne høyringa føreligg, vil Fylkesmannen vurdere innspela og ta endeleg stilling til tilråding av vern til Miljødirektoratet. Vi håpar på vernevedtak innan utgangen av 2020.

Du kan sende innspel med brev til Fylkesmannen ved miljøavdelinga, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger, eller per e-post til fmvlpost@fylkesmannen.no

Frist for å kome med innspel er 5. august 2020

I adresselista har vi forsøkt å få med alle dei aktuelle høyringspartane vi veit om. Dersom de finn feil eller veit om fleire partar som de meiner burde ha fått brevet ber vi om tilbakemelding om dette.