Melding om oppstart av frivillig vern av Geitanosi naturreservat ved Styvi i Aurland kommune


Høyringsfrist 10. januar 2020 23:59

Frist for å kome med merknad til oppstartsmeldinga er 10. januar 2020. 

Kart over framlegg til Geitanosi naturreservat

Kart over framlegg til Geitanosi naturreservat

Det planlagde verneområdet ligg langs Nærøyfjorden, på gnr/bnr 58/1 og 58/2 i Aurland kommune, og omfattar i alt omlag 12 229 dekar. Grunneigarane i området har underskrive avtale om oppretting av naturreservat. 

Frivillig skogvern

Oppretting av eit naturreservat ved Styvi i Aurland kommune skjer etter frivillig vern.

I Noreg har vi eit mål om at 10 % av skogen vår skal vernast. Arbeidet med å opprette naturreservat i skog gjennom frivillig vern har høg prioritet i Regjeringa.

Uttale