Søknad om løyve til avfallsanlegg i Rådalen


Høyringsfrist 10. august 2019 00:00

Fana Stein og Gjenvinning Nett AS søkjer om endra løyve etter forureiningslova for behandling og mellomlagring av forureina massar i Rådalen i Bergen kommune. Frist for uttale er 10. august 2019.

Oversiktsbilde over vaskeplass og nettplass

Oversiktsbilde over vaskeplass og nettplass

Om søknaden

Fana Stein og Gjenvinning Nett AS søkjer om behandling og mellomlagringav inntil 140 000 tonn forureina massar på anlegget i Rådalen

Søknaden gjeld vasking av 80 000 tonn massar med forureiningsgrad tilsvarande ordinært avfall i vaskeanlegget. Vaskeanlegget skal stå på betong. Vaskeanlegget vert i dag vert nytta til vasking av massar som ikkje er forureina.

Det er søkt om å lagre maksimalt 16 350 tonn i 6-12 månader. Avfallet er søkt lagra på 2 lags asfalt og under tak. 

Sjå søknad med vedlegg til høgre på sida.

Verksemda har i dag løyve til drift av anlegg for mottak og behandling av forureina jord gitt i 2001, sjå www.norskeutslipp.no.

Offentleg ettersyn

Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida. Høyringsfristen er 10. august 2019.

Merknader til søknaden kan du leggje inn i skjemaet under, sende til fmvlpost@fylkesmannen.no, Fylkesmannen i Vestland, Statens Hus, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.

Merk saka med referansenummer 2019/12290. Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn.

Uttale