Ber om kontaktpersonar frå kommunane til CRPD-prosjekt

Statsforvaltaren skal auke kunnskapen om og gjennomføringa av FN-konvensjonen om rettar til menneske med nedsett funksjonsevne (CRPD) i alle kommunar. Vi ber difor om kontaktpersonar.

Publisert 19.12.2023

Mange menneske med nedsett funksjonsevne er ikkje likestilte på fleire samfunnsområde. Meir kunnskap om menneskerettane i kommunane vil føre til auke likestilling og betre tenester for den enkelte. Målet til regjeringa er at alle skal vere likestilte i samfunnet.

Statsforvaltaren i Vestland har difor organisert arbeidet med konvensjonen som eit prosjekt, i samarbeid med Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet. Prosjekt vil handle om informasjon og opplæringsaktivitetar gjennom digitale og fysiske samlingar. Les om prosjektet på vår nettside.

For å få til ei god implementering av CRPD i Vestland, ber vi om ein kontaktperson, med vararepresentant, frå kvar kommune. Les meir i brevet, som er sendt ut til kommunane, under «Dokument».

Webinar 15. februar om samarbeidet

Vi vil invitere kontaktpersonane i kommunane saman med representantar frå leiinga til kommunen, til eit webinar 15. februar, klokka 12.00 til 14.00, om det vidare samarbeidet. Kontaktpersonane vil vidare verte haldne oppdatert om ressursar og aktivitetar som kan verte nytta i kommunen sitt arbeid med å implementere konvensjonen.

Kontaktperson hjå Statsforvalteren i Vestland for CRPD-prosjektet er prosjektleiar/seniorrådgjevar Elisabeth Larsen, som du finn under «Kontaktpersonar».

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.