Kommunane må planlegge for eit meir demensvenleg samfunn

Målet med Demensplan 2020 er å skape eit meir demensvenleg samfunn som tek vare på og integrerer personar med demens i fellesskapet. Det er langt att til målet for mange av kommunane i Vestland.

Det viser den nasjonale kartlegginga av kommunane sitt tenestetilbod til personar med demens, gjennomført i oktober 2018.

31 av 33 kommunar i gamle Hordaland og alle 26 kommunane i gamle Sogn og Fjordane deltok i kartlegginga. Resultata frå kartlegginga syner at tenestetilbodet til personar med demens og deira pårørande må styrkast. Mange av kommunane våre bør ha auka innsats på arbeidet med å legge til rette tenestetilboda til målgruppa. Det var Helsedirektoratet med hjelp frå Nasjonal kompetansetjenste for aldring og helse som gjennomførte kartlegginga. 

Demens som samfunnsutfordring

Auka levealder og endra alderssamansetting gjer at talet på personar med demens truleg vil doble seg dei næraste 30 - 40 åra. Dei fleste vil ha behov for ulike tenester frå kommunen. Dette er ei av dei største samfunnsutfordringane framover.

Behovet for diagnostisering til rett tid og tett fagleg oppfølging etter diagnose er ei av hovudsakene i Demensplan 2020. Betre tilrettelagde helse- og omsorgstenester, aktivitetstilbod, støtte og avlasting   for pårørande og auka brukarmedverknad og brukarinvolvering er område med behov for ytterlegare innsats.

Kommunal planlegging

Planlegging er eit viktig verktøy for kommunane for å møte utfordringane knytt til eit aldrande samfunn, eit samfunn med mange fleire eldre og også eit aukande tal personar med demenssjukdom. Strategiar og tiltak i Demensplan 2020 skal bidra til å setje demensutfordringar på dagorden i kommunane sitt planarbeid. Dette for å sikre langsiktig og heilskapleg planlegging av lokalsamfunn, dimensjonering og kvalitetsutvikling av tenester til eit aukande tal personar med demens og deira pårørande. Planar må forankrast både politisk og administrativt.

Den nasjonale kartlegginga syner at 12 kommunar i gamle Sogn og Fjordane og 14 av kommunane i gamle Hordaland hadde omtalt tenester til personar med demens i handlings- og økonomiplan. Av kommunane som svara på spørsmålet, hadde 6 kommunar i Sogn og Fjordane og 9 kommunar i Hordaland teke demensfeltet med i kommuneplanens samfunnsdel. 19 av kommunane i Sogn og Fjordane og 23 kommunar i Hordaland hadde demensfeltet med i delplan for helse og omsorgstenesta. 8 kommunar i Sogn og Fjordane og 3 kommunar i Hordaland hadde eigen demensplan.

Kommunane må bli betre

Resultatet tyder på at det er kommunar som må verte betre på å planlegge for korleis dei vil legge til rette lokalsamfunnet og tenestetilbodet for ei allereie stor og aukande brukargruppe og deira pårørande. Har kommunane teke dei demografiske endringane vi har framfor oss inn over seg? Viser det att i planverket at dette er ei utfordring for heile samfunnet og ikkje ei utfordring som helse- og omsorgstenesta kan løyse åleine? 

Rutinar og kompetanse

Tilgang til strekkeleg kompetent og kvalifisert helsepersonell er nødvendig for å sikre eit forsvarleg tenestetilbod til personar med demens. Eit av måla i Demensplan 2020 er å heve kompetansen gjennom undervisning, rettleiing og oppfølging. Nasjonal fagleg retningslinje om demens er kunnskapsbasert og skal mellom anna sikre god kvalitet og uønskt variasjon i tenestene til personar med demens. Den er normgjevande for kommunane si verksemd.

8 kommunar i gamle Sogn og Fjordane og 9 kommunar i gamle Hordaland hadde i 2017- 2018 sørga for opplæring av tilsette om Nasjonal fagleg retningslinje om demens. 12 kommunar i Sogn og Fjordane og 5 kommunar i Hordaland svara at dei hadde implementert føringane i sine rutinar.

Rutinar og praksis bør vere mest mogleg i tråd med nasjonale retningslinjer for å at tenestene skal vere forsvarlege. Systematisk styring, kvalitetsforbetring og forsvarleg verksemd er eit leiaransvar. Vi meiner at dette resultatet kan tyde på at alt for mange kommunar har manglar i styringa av tenestene til denne brukargruppa.  

Les meir om kartlegginga i nyhendesakene som du finn under «Lenkjer». Der finn du også den nasjonale kartlegginga og Demensplan 2020. Utvalde resultat frå kartlegginga i Sogn og Fjordane og Hordaland finn du under «Dokument».