Alle utgifter på kvit resept skal ikkje nødvendigvis takast med i berekning av sosialstønad

Arbeids- og velferdsdirektoratet har ansvaret for å tolke sosialtenestelova, og dei har no svart oss på eit spørsmål om sosialstønad til legemiddel på kvit resept.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 04.02.2020

Bakgrunnen for vårt spørsmål

Arbeids- og velferdsdirektoratet sine tolkingar er samla i rundskriv 35. Direktoratet skriv i rundskrivet at Nav alltid skal rekne med utgifter som ligg i kjerneområdet av livsopphaldet når dei utmåler sosialstønad: «Noen utgifter er nødvendige for å sikre en person et forsvarlig livsopphold i samsvar med formålsbestemmelsen. Dette er utgifter som ligger i kjerneområdet av livsoppholdsbegrepet, og som Nav-kontoret alltid har plikt til å ta med i vurderingen av stønadsbehov og ved utmålingen av stønad.», sjå punkt 4.18.2.33 i rundskrivet.

Når det gjeld utgifter til legemiddel på kvit resept står det i rundskrivet at slike utgifter inngår i kjerneområdet for livsopphald. Det heiter at: «I kjerneområdet for livsoppholdet inngår dekning av utgifter som ikke dekkes av folketrygden til … legemidler foreskrevet på hvit resept …». Dette er i motsetnad til det som sto i eit tidlegare rundskriv om at slike utgifter kan vere ein del av livsopphaldet, avhengig av den konkrete situasjonen.

Arbeids- og velferdsdirektoratet sin nye uttale

Nokre legemiddel på kvit resept kan vere svært dyre. Vi spurte derfor direktoratet om alle utgifter på kvit resept skal reknast med ved berekninga av sosialstønad. Vi forstår svaret frå direktoratet slik at ordet «alltid» ikkje må lesast bokstaveleg i denne samanhengen. Direktoratet skriv at:

«Dette punktet i rundskrivet må lesast i samanheng med andre punkt som omtaler utmåling av stønad på eit nøkternt nivå. Det er ikkje slik at ein kan ha rett til å få dekkja ei kvar behandling eller medisin av kommunen dersom systemet til folketrygda ikkje dekkjer dette. Nav-kontoret må foreta ei konkret vurdering av saka.»

Klikk på lenkjene i høgremargen for å lese vårt spørsmål og heile svaret frå Arbeids- og velferdsdirektoratet.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.