Forsikring av deltakarar i kvalifiseringsprogram

Dersom det skjer ei ulukke på jobben, er det viktig å vere forsikra. Kva reglar gjeld for forsikring av deltakarar i kvalifiseringsprogrammet?

Publisert 08.08.2023

Arbeids- og velferdsdirektoratet  svarar på spørsmål om forsikring av deltakarar i kvalifiseringsprogrammet, i eit brev frå 9. juni 2023. Heile brevet finn du under "Dokument". Under følgjer ei kort oppsummering.

Folketrygdlova

Deltakarar i kvalifiseringsprogrammet som er medlemer av folketrygda, er yrkesskadedekka etter folketrygdlova paragraf 13-11 første ledd. Medlemer som er pålagde å utføre arbeidsoppgåver etter sosialtenestelova paragrafane 20 eller 20 a, er også yrkesskadedekka under slikt arbeid.

Yrkesskadeforsikringslova

Arbeidsgjevarar har plikt til å teikne ei privat yrkesskadeforsikring for arbeidstakarane. Deltakarar i kvalifiseringsprogrammet som utfører arbeid hos ein arbeidsgjevar skal vere omfatta av denne forsikringa, og den skal kome i tillegg til det folketrygda dekker.

Sosiale tiltak

Dersom deltakaren ikkje utfører direkte arbeid, men er på arbeidsplassen meir som eit sosialt tiltak, er det ikkje forsikringsplikt etter yrkesskadeforsikringslova. Kvar enkelt kommune må då vurdere om dei skal inngå ei kollektiv ansvars- og ulukkesforsikring i dei tilfella deltakarar er i tiltak i kommunal, privat eller frivillig regi og det ikkje er snakk om arbeidsutføring.

Arbeidsmarknadstiltak

For dei tilfella der yrkesskadeforsikringslova ikkje pålegg forsikringsplikt, har Arbeids- og velferdsetaten teikna kollektiv ansvars- og ulukkeforsikring. Denne gjeld deltakarar i ulike arbeidsmarknadstiltak. Dersom ein deltakar i kvalifiseringsprogrammet er i slikt tiltak, vil vedkomande vere dekka at den kollektive forsikringa til etaten. Nærare informasjon er å finne på den interne nettsida for tilsette i Nav, Navet, under: Tiltak og virkemidler/Kollektiv ulykkesforskring i arbeidsmarkedstiltak.

Viktig at tilhøva rundt forsikring er avklart

Før oppstart i tiltak bør forsikring vere ein del av dialogen mellom Nav, arbeidsgjevar/tiltaksarrangør og deltakaren i kvalifiseringsprogrammet.

Arbeidsgjevar kan søke om inkluderingstilskot frå Nav dersom forsikring medfører ekstrautgifter, ifølgje Nav.no.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.