Vaksinering av personar som ikkje har samtykkekompetanse

Verken verje eller næraste pårørande kan samtykke til vaksine for personar som manglar samtykkekompetanse.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 08.01.2021, Sist endra 25.03.2021

I samband med oppstart av vaksinering mot koronaviruset, har Statsforvaltaren i Vestland fått spørsmål om kven som skal samtykke til at personar utan samtykkekompetanse skal få vaksine.

Nokon personar manglar samtykkekompetanse av ulike grunnar, som til dømes fysiske eller psykiske forstyrringar, senil demens eller psykisk utviklingshemming. Når ein pasient over 18 år ikkje har samtykkekompetanse, følgjer det av pasient- og brukarrettslova § 4-6 at det er den som yter helsehjelpa som tek avgjerda om kva helsehjelp pasienten skal ha. Verken verje eller næraste pårørande kan samtykke på vegne av pasienten, men dei kan gje informasjon om kva personen truleg ville ønskt.

Det vil i hovudsak ikkje vere aktuelt å vaksinere personar som motset seg vaksineringa, sjølv om desse manglar samtykkekompetanse. Viss det i enkeltståande tilfelle, etter ei konkret og individuell vurdering, likevel blir vurdert å vaksinere personar over 16 år i denne gruppa (det vil seie personar utan samtykkekompetanse som motset seg vaksinering), kan vaksinering gjennomførast. Dei strenge vilkåra i pasient- og brukarrettslova kapittel 4A må i tilfelle vere oppfylte.  Sjå her for meir informasjon. 

Les meir i føresegnene om samtykke til helsehjelp i pasient- og brukarrettslova kapittel 4 og i denne artikkelen.

Helsedirektoratet kom 23. mars med utfyllande kommentarar til vaksinering av personar utan samtykkekompetanse. Brevet finn du under "Dokument". 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.